Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren. Besvart: 19.03.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Folk ventar på rentekutt, og det er ikkje så rart, for renteutgiftene er det som slår hardast inn i hushaldningsøkonomien til dei fleste. For ein familie med bustadlån på 4 mill. kr vil f.eks. forskjellen mellom norsk rentenivå no og nivået i nabolanda våre utgjere 90 000 kr i året. Det er eit formidabelt beløp for dei fleste familiar. Den andre grunnen til at eg trur mange no ventar på rentekutt, er at regjeringa har skapt ei forventning om at det skal kome, og det starta dei med i desember i forfjor. Foreløpig har lite skjedd. No håpar og trur mange at det kjem eit rentekutt neste veke, men med dei urovekkande inflasjonstala som no har kome, er det nok meir usikkert. I alle fall er det ei vanskeleg vurdering for Noregs Bank. Det er jo freistande å spørje finansministeren kva han ville gjort dersom det var han som var sentralbanksjef, men det er ei reint hypotetisk problemstilling, så eg skal la det kvile. Det eg vil peike på, er at sentralbanksjefen i samband med førre pengepolitiske rapport i desember viste til at regjeringa sin ekspansive finanspolitikk og avtalen om budsjettet for 2025, utelukkande finansiert med oljepengebruk, «har bidratt til at vi har oppjustert anslagene for veksten i norsk økonomi neste år, og trekker sånn sett isolert i retning av en høyere rente.» I eit replikkordskifte med underteikna på Stortinget siste dag før juleferien svarte dåverande finansminister at den auka oljepengebruken for budsjettet var både nødvendig og ansvarleg, og unnlét å kommentere det som Noregs Bank hadde uttalt. Spørsmålet mitt til dagens finansminister er følgjande: Er det sånn at standpunktet til regjeringa framleis er at det er heilt nødvendig å finansiere budsjettavtala med auka oljepengebruk, sjølv om det isolert sett trekkjer i retning av ei høgare rente?

Mar 21, 2025 - 17:00
 0