Muntlig spørsmål fra Olve Grotle (H) til fiskeri- og havministeren. Besvart: 12.02.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Høgre har frå første stund vore kritisk til bruk av normprisråd i havbruksnæringa. Vi har sagt at det vil bli eit kostbart byråkrati for det offentlege og tidkrevjande arbeid for selskapa, og vi har advart mot ei tilfeldig og uriktig skattlegging. Prisrådet har no kome med sine første forslag til normprisar, og det har gått som vi har frykta. Sjømat Norge har nyleg i brev til Finansdepartementets slått fast: Salmon Group, som er eigd av 40 lokale lakse- og aure-produsentar, har kome med liknande bekymringar og påvist at fleire av deira bedrifter kan få feilaktige skatterekningar på millionar av kroner. Enkeltaktørar som familiebedrifta Ellingsen Seafood i Lofoten, varslar om systematisk feilskattlegging og at bedrifta får ein auke i skattegrunnlaget på 10 mill. kr, pengar dei ikkje har. Dette er inga overrasking. Det har gått som Høgre, havbruksnæringa og andre har advart mot: Normprisane er systematisk upresise og uriktige og ville føre til gjennomgåande feil skattlegging av næringa. Kva meiner statsråden om at ei rekke havbruksbedrifter no kan få skatterekningar med store feil, og ser statsråden òg den store uvissa det gjev for verksemdene?

Feb 13, 2025 - 17:30
 0