Minst eitt nytt tilfelle av m-koppar i Oslo

Folkehelseinstituttet stadfestar at det er oppdaga eitt nytt tilfelle av sjukdomen m-koppar i Oslo. Sjukdomen blei tidlegare kalla apekoppar. – Oslo kommune har varsla oss etter vanlege rutinar om eitt tilfelle av mpox, seier Preben Aavitsland ved FHI til NRK. FHI støttar no kommunen i handteringa av utbrotet som er av typen «Clade llb». Det var den typen av viruset som forårsaka eit stort utbrot i særleg Europa og Nord-Amerika i 2022. I Noreg er det påvist 109 tilfelle frå 2022 til no, opplyser Aavitsland. Oslo kommune stadfestar at ein person busett i Oslo er smitta.

Oct 22, 2024 - 14:30
 0