Minst 24 drepne i Sør-Gaza, ifølge palestinske helsestyresmakter

Minst 24 menneske er drepne av israelske styrkar mens dei venta på naudhjelp sør i Gaza, ifølge det palestinske helsedepartementet. Det israelske forsvaret seier dei skal undersøke opplysningane om drepne, melder Reuters. Dei stadfestar at dei skaut mot palestinarar nær eit naudhjelpssenter i Gaza tysdag morgon. Dei seier detta var personar som oppførte seg trugande og nærma seg dei israelske soldatane. Hendinga skjedde i det same området der minst 31 menneske blei drepne og 176 såra då israelske soldatar opna eld søndag. Israel nekta for at dei skaut mot sivile søndag.

Jun 3, 2025 - 10:30
 0