Mann til sjukehus etter fall frå tak i Fyllingsdalen

Ein arbeidar skal ha falle frå eit tak og ned på eit tilbygg i Fyllingsdalen i Bergen, opplyser Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Fallet skal ha vore på to til tre meter, og skjedd under inspeksjon av ei pipe. Mannen i 30-åra er vaken og tilsnakkande, men omtåka. Smerter i hofte er så langt det einaste som har kome fram som påførte skader. Alle naudetatane har rykt ut til staden. Brannvesenet hentar mannen ned frå tilbygget, og han vil bli frakta til traumemottaket på Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsgivar og Arbeidstilsynet er varsla. Politiet er på staden, og etterforskar saka.

Sep 19, 2025 - 10:00
 0