Mann slått ned – alvorleg skada
Ein person er alvorleg skada etter han truleg blei slått ned i nærleiken av Lillestrøm sentrum i natt. To menn blei sett springande frå staden, og politiet ynskjer no tips i saka. Den fornærma har mogleg kritisk hovudskade, melder ambulansepersonell til politiet. Han er flogen til Ullevål sjukehus. Klokka 05.23 melder politiet at dei framleis ikkje har funne gjerningsperson og at dei ikkje veit kvifor personen er slått ned. – Politiet ser alvorleg på hendinga og vil fortsette etterforsking ut over dagen, skriv operasjonsleiar Ronny Hellerud.
