Kokevarsel til 9000 på Stord
9000 abonnentar på Stord har fått varsel om å koke drikkevatnet. Det skjer etter brot på hovudvasslinja i går kveld. – Vatnet kan vere forureina. Ein skal koke vatn som skal nyttast til matlaging og drikke. Kok vatn til ny melding vert gitt, står det i meldinga frå Stord Vatn og Avløp. Fleire butikkar har gått tom for vatn utan kolsyre, erfarer NRK. Feilen på vasslinja er reparert.