Kaptein i Toppserien legg opp som 26-åring

Marte Hjelmhaug (26) legg opp etter sesongen, det bekreftar LSK Kvinner på eigne nettsider. Hjelmhaug legg opp etter 9,5 år i toppfotballen. – Det kjem til å bli veldig spesielt. Eg kjenner allereie på at det blir både vemodig og fint på same tid, seier Hjelmhaug. 26-åringen legg tre år i LSK Kvinner bak seg. Før dei to siste kampane i sesongen, står forsvarsspelaren med 73 offisielle kampar for klubben. – Det er ikkje noko dramatikk i valet. Det har vore ein krevjande avgjerd, men eg har kjend ein stund at tida er inne. Fotballen har vore enormt stor del av livet mitt, legg Hjelmhaug til. Ho fortel at ho skal starte i ny jobb etter nyttår. – Marte har vore veldig viktig bidragsytar både på og utanfor banen under si tid hjå oss, skriv klubben.

Nov 6, 2025 - 21:00
 0