Jessie Diggins gir seg etter OL-sesongen: – Det blir vanskeleg

Langrennsløpar Jessica Diggins legg opp etter sesongen, skriv ho i eit innlegg på Instagram. – Det blir vanskeleg å gå bort frå sporten og laget eg elskar så høgt, men det følast også riktig i hjartet mitt, eg gler meg til å opne eit nytt kapittel i livet mitt, skriv amerikanaren. – Langrenn har gitt meg meir glede, motstand, mot og fellesskap enn eg nokon gong kunne førstilt meg, legg ho til. Diggins har i ei årrekke vore blant verdas beste langrennsløparar. Ho vann verdscupen samanlagt sist sesong. I alt har langrennsløparen tatt ti internasjonale meisterskapsmedaljar på seniornivå. Ho har også 25 enkeltsigrar i verdscupen. Eit OL-gull i lagsprint og to VM-gull i lagsprint og 10 kilometer fristil har blant anna også funne vegen til det som har blitt ein innhaldsrik merittliste.

Nov 19, 2025 - 15:00
 0