Iransk fredsprisvinnar sett fri
Den iranske menneskerettsaktivisten er Narges Mohammadi er sett fri av medisinske årsaker, melder AFP, som viser til utsegner frå ein advokat. Ho fekk Nobels fredspris i 2023 for arbeidet sitt mot kvinneundertrykking og kampen for menneskerettar i Iran. Ho har sete fengsla i Iran sidan 2021. Det var difor barna hennar, Ali og Kiana Rahmani, som tok i mot fredsprisen på vegner av mora i Oslo rådhus i fjor.
