Høgre utset for cyberangrep

Seks dagar før stortingsvalet sier partiet Høgre at dei er utsette for eit cyberangrep frå ei prorussisk gruppe. – Det har i dag blitt avdekka eit DDOS-angrep mot Høgre sine nettsider og tenester. Nasjonal sikkerheitsmyndigheit blei varsla og tok umiddelbart affære. Det er no bekrefta at angrepet kjem frå den prorussiske aktivistgruppa NoName057 (16). Det seier generalsekretær Tom Erlend Skaug til NRK. Et DDOS-angrep (Distributed Denial of Service) er ein type dataangrep der angriparen forsøker å gjere ei nettside, teneste eller eit nettverk utilgjengeleg ved å overbelaste det med trafikk frå mange infiserte einingar. – At nokon prøver å påverke ein norsk valkamp er dessverre ikkje heilt overraskande, men likevel alvorleg, legg Skaug til.

Sep 2, 2025 - 13:00
 0