Helikopterhavari ved Stavanger lufthamn
Politiet rykka laurdag kveld ut til eit helikopter som har havarert ved Stavanger lufthamn på Sola.
Det er ikkje meldt om personskade eller lekkasje, men det skal vere store materielle skader.
– Halen er nesten knekt og det ligg fleire delar fleire meter frå helikopteret, seier Olaug Bjørnsen i Sør-Vest politidistrikt.
– Vi kan stadfeste at eitt av våre helikopter, eit Airbus AS332 L, har vore involvert i ei hending på Sola lufthamn laurdag kveld, opplys direktør i CHC Tore Villard til NRK.
Helikopteret skulle utføre ei såkalla bakkekøyring etter vedlikehald. Dette betyr at helikopteret skulle teste motoren utan at maskina skulle opp i lufta.
Villard seier at under testkøyringa opplevde dei to teknikarane som var om bord for å gjennomføre testen, vibrasjonar i helikopteret og eit smell som medførte at dei stansa motoren.
Ingen av de om bord vart skadde, men det er omfattande skadar på helikopteret.
CHC er i dialog med Havarikommisjonen om hendinga laurdag kveld.
Avinor seier at hendinga ikkje kjem til å påverke flytrafikken.