Gut funnen omkomen i Mosjøen
Politiet har i løpet av natta og formiddagen gjort søk etter ein sakna gut som ikkje kom heim til avtalt tid etter ein Halloween-fest. Fleire adresser og område vart undersøkt, og frivillige hjelpemannskap vart varsla for å starte søket. Guten vart funnen omkomen i vatnet, dei pårørande er varsla. Politiet etterforskar dødsfallet vidare. – Me jobbar ut frå fleire hypotesar, men no er det ikkje mistanke om at det skal ha skjedd noko kriminelt, seier Thomas Jarnæs Coe ved Nordland politidistrikt sin operasjonssentral.