Gaza: Minst 15 drepne inkludert tre journalistar

Talet på drepne er no oppjustert til minst 15, etter eit israelsk angrep mot Nasser-sjukehuset i Khan Younis. Det melder fleire medium, mellom anna Al Jazeera, som siterer helsedepartementet i Gaza. Ifølgje fleire verifiserte videoar frå sjukehuset ser ein skadde personar liggje på bakken, og at sjukehuset blir angrepet medan ein journalist er direkte på lufta. Ein av dei drepne er Mohammad Salama, kameramann for Al Jazeera. Dødsfallet hans er stadfesta av ein talsperson for den Qatar-baserte TV-kanalen. Fotografane Hussam al-Masri og Hatem Khaled var begge tilknytt med nyheitsbyrået Reuters, ifølgje nyheitsbyrået sjølv. Al-Masri blei drepen, medan Khaled er såra, opplyser Reuters. I tillegg vart frilansjournalisten Mariam Abu Daqqa drepen, ifølgje lokale kjelder. Israelske styresmakter har førebels ikkje kommentert angrepet. Ifølgje den palestinske journalisten Hind Khoudary skal angrepet ha blitt utført av ei sjølvmordsdrone. Ifølgje Al Jazeera fortel ho at dronen var retta mot dei øvste delane av Nasser-sjukehus, blant anna taket der det stod fleire journalistar. Helsedepartementet i Gaza er styrt av Hamas, og tala derfrå er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder. Helsedepartementet i Gaza er styrt av Hamas, og tala derfrå er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder. Samstundes har fleire internasjonale hjelpeorganisasjonar valt å trekke ut sine tilsette frå området, på grunn av den alvorlege tryggingssituasjonen.

Aug 25, 2025 - 11:00
 0