Full overtenning i hus på Askøy - tak har rast saman
Det brann kraftig i eit hus på Askøy i Vestland, ifølgje Vest politidistrikt. Taket har rast saman og det er høge flammar frå brannen, opplyser politiet. Politiet seier dei er i kontakt med huseigar, og opplyser at ingen er i huset. Det skal ikkje vere spreiingsfare, opplyser Lars Petter Lovik i 110 vest. – Det er såpass vått i terrenget, seier han til NRK. Han seier at dei fekk fleire telefonar frå tipsarar og at det brenn kraftig. Ingen er meldt skadde som følgje av brannen.
