EM-bronse til Wiklund

Ragne Wiklund fekk tida 6.50,81 på den avgjerande 5000-meteren i allround-EM. Det betydde at ho fekk bronse i samandraget. – Medalje er veldig herleg for Ragne, seier Viaplay-ekspert Ida Njåtun. I 2023 tok Wiklund sølv i EM. EM-tittelen i år gjekk til Antoinette Rijpma-de Jong, medan Joy Beune tok sølv. Begge er frå vertsnasjonen Nederland. – Eg er kjempenøgd. Eg redda det inn i dag, sa Ragne Wiklund til Viaplay etter at bronsen var redda. Ho låg på fjerdeplass før 5000-meteren.

Jan 12, 2025 - 18:00
 0