Ein til sjukehus etter frontkollisjon på Hardangervidda

Riksveg 7 Hardangervidda er stengd ved Sysendalen i Eidfjord etter at ein bil og ein lastebil kolliderte front mot front i 20-30-tida. Det melder Vest politidistrikt. Tre personar er involverte, to av dei i personbilen. Alle er ute av køyretøya, vakne og medvitne. – Glatt veg på staden. Airbager er utløyste, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit. Det skal vere store materielle skadar i front på personbilen, opplyser politiet. Passasjeren i personbilen er sendt med luftambulanse til sjukehus. Sjåføren i bilen blir sendt til lokal legevakt i ambulanse. Politiet veit ikkje noko om skadeomfanget. Sjåføren på semitraileren er ikkje skadd. Riksvegen blei stengd også tidlegare på søndag då eit vogntog måtte bergast.

Dec 22, 2024 - 22:30
 0