Død person funnen i sjøen i Kinn kommune

Ein død person er funnen i sjøen ved Refvika i Kinn kommune, melder politiet kl. 20.18. Politiet ser funnet i samanheng med leiteaksjonen som har vore i området siste dagane, etter ein båt gjekk ned ved Kråkenes fyr førre sundag. Pårørande til den siste sakna etter forliset er førehandsvarsla, men id er ikkje bekrefta. – Det var ein privatperson på land som først såg noko i sjøen, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i politiet. Deretter kom redningsskøyte til staden og fekk plukka opp den døde personen. – Nå arbeider vi med å avklare identiteten, og ventar på gravferdsbyrå som skal kome og handtere personen, seier Hausvik.

May 8, 2025 - 16:00
 0