Død person funnen i sjøen

Ein livlaus person er funnen i sjøen i Austevoll i Vestland. Ein fritidsbåt kom over personen og varsla naudetatane, som umiddelbart rykka ut etter meldinga. Det blei gjort livreddande førstehjelp, men lege på staden erklærte personen død. Den omkomne er ikkje identifisert. – Vi veit ikkje kor lenge personen har lege i sjøen, seier Helge Blindheim i Vest politidistrikt. Politiet har ingen opplysningar om kva som kan vere årsaka til at personen hamna i sjøen, men funnet er gjort i nærleiken av ei kai. – Vi er begynt å gjere undersøkingar rundt kven personen er og har begynt å snakke med vitne og andre som har vore i området, seier Blindheim.

Oct 19, 2024 - 12:00
 0