Demokratane med valframgang – Trump skuldar på nedstenging

Demokratane har vunne fleire viktige val i USA, mellom anna guvernørvala i Virginia og New Jersey, og borgarmeistervalet i New York. I California stemte fleirtalet for nye valkrinsgrenser som kan gi demokratane fem ekstra seter i Representantanes hus. I Virginia vann Abigail Spanberger guvernørvalet, og blir delstatens fyrste kvinne i vervet. I New Jersey blir demokraten Mikie Sherrill guvernør. Og i New York vart Zohran Mamdani vald til borgarmeister. – New York skal vere eit lys i denne tida med politisk mørke, uttala han etter sigeren. President Donald Trump reagerer på nederlaga for republikanarane. – TRUMP STO IKKJE PÅ STEMMESETELEN, OG NEDSTENGINGA VAR GRUNNEN TIL AT REPUBLIKANARANE TAPTE VAL I KVELD, skriv han på Truth Social med store bokstavar. Mellomvalet i USA, eit nasjonalt val som skjer midt i presidentperioden der veljarane stemmer på nye representantar til Kongressen, blir halde om eitt år. Då håpar demokratane å vinne tilbake fleirtalet.

Nov 5, 2025 - 12:00
 0