Dei regjerande meistrane til finale
Norge 2, som består av Juni Arnekleiv og Vetle Sjåstad Christiansen, vann den andre semifinalen i Skidskyttekampen på Stockholms stadion måndag kveld.
Dermed får dei sjansen til å forsvare sigeren i Skidskyttekampen frå i fjor.
– Det var litt vanskeleg på skytebana med litt vind, men det var berre å halde litt tilbake, sa Sjåstad Christiansen til SVT etter at finaleplassen var sikra.
– Det var perfekte forhold for sånne som meg og Vetle, som har fart i kroppen. Showrenn som dette er framtida, sa Arnekleiv til same kanal.
Norge 3 med Tarjei Bø og Karoline Offigstad Knotten rauk ut.
Tidlegare måndag vann Norge 1 med Ingrid Landmark Tandrevold og Johannes Thingnes Bø den første semifinalen.