Container blåste inn i fly på Oslo lufthamn

Ein container blåste i ettermiddag inn i eit transportfly på Oslo lufthamn på Gardermoen. Flyet skal inn til teknisk kontroll, melder Avinor. Sterke vindkast fører til små forsinkelsar ved flyplassen. – Det er meldt om kraftige vindkast, opp mot 37 knop, opplyser operasjonsleiar Ronny Samuelsen i Øst politidistrikt. Det er vindkast opp mot 37 knop, som svarar til sterk kuling, på flyplassen, og det er stadvis veldig glatt. Politiet auka beredskapen ved flyplassen på grunn av den kraftige vinden, men meldte klokka 13.44 at dei går tilbake til normal beredskap. Kommunikasjonsrådgivar Ylva Celius Trulsen i Avinor seier kl. 13.55 at den sterke vinden gjer det vanskelig å laste bagasje og gods på flyene. Én container blåste inn i eit fraktfly da den blei lasta om bord. Flyet må no gjennom ein teknisk sjekk før det kan reise vidare. – Det gjorde at noen flyene nå kom seg for sent av gårde, så vi har litt forsinkelser. Men det gikk heldigvis raskt over, så vi ser allerede nå at vi er tilbake til dermed normal drift.

Jan 3, 2025 - 15:30
 0