Canada, Storbritannia og Australia anerkjenner Palestina som stat

– Canada anerkjenner staten Palestina og tilbyr vårt partnarskap i å bygge eit fredfullt framtidshåp for både staten Palestina og staten Israel, skriv den kanadiske statsministeren Mark Carney i ei utsegn på X. Det melder Reuters. Også Australia og Storbritannia har sundag anerkjent Palestina som ein eigen stat. – Håpet om ei tostatsløysing er i ferd med å bleikne, men vi kan ikkje la det lyset sløkke, seier den britiske statsministeren, Keir Starmer i ein video på X. Han legg til at landet samstundes som anerkjenninga har gitt ordre om å førebu sanksjonar mot fleire Hamas-leiarar i vekene som kjem. Ifølge The Guardian har anerkjenninga frå Storbritannia stor symbolsk vekt, ettersom landet spelte ei nøkkelrolle i opprettinga av Israel som moderne stat etter andre verdskrig, og sidan har vore ein nær alliert. Sundagens anerkjenning fører seg inn i rekka av fleire vestlege land som har valt å anerkjenne Palestina og støtte ei tostatsløysing mellom Israel og Palestina. Noreg anerkjende Palestina våren 2024, saman med fleire europeiske land.

Sep 21, 2025 - 16:00
 0