Buss med elevar køyrde utfor vegen i Alver

Klokka 15.45 vart det meldt at ein buss med skuleelevar hadde køyrd av vegen ved Risasjøen i Alver kommune. – Opplyst fare for at den kan velte. Naudetatane er no framme og jobbar med å evakuere bussen, melder operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt like før klokka 16. Så opplyser 110-sentralen til NRK at det ikkje er dramatisk, men at bussen står skeivt til på vegskuldra og døra går ikkje opp. – Det er 10-15 personar om bord som sit trygt, seier vaktleiar Sharooz Lahooti. Klokka 16.06 melder politiet at alle er ute av bussen og at ingen er skadde.

Sep 25, 2025 - 18:00
 0