Breitt mistillitsforslag mot partileiinga i INP

I Industri- og næringspartiet (INP) står 15 av 25 lokallag i Vestland bak eit mistillitsforslag mot partileiinga. Desse 15 har til saman 33 av INP sine 65 kommunestyrerepresentantar i Vestland. Dette er fylket der INP er desidert størst, med 27 % av deira 238 kommunestyrerepresentantar, og 4 av deira 29 fylkespolitikarar. I tillegg er partileiar Ann Jorun Hillersøy (biletet) frå Vestland, men har altså nå fleirtalet av lokallag mot seg. Bakgrunnen for mistillitsforslaget er at sentralstyret i førre månad oppløyste heile fylkesstyret og ekskluderte både gruppeleiar og nestleiar i Vestland INP. I tillegg har det oppløyste fylkeslaget Vestland og fire utmelde styremedlemer i lokallaget Stord signert mistillitsforslaget. INP sin ekskluderte gruppeleiar Bjarte Helland i fylkestinget seier til NRK at INP nå risikerer ei masseutmelding av folkevalde og å berre sitta igjen med 15 folkevalde i Vestland-kommunane.

Oct 11, 2024 - 14:30
 0