Bergensbanen stengt på grunn av avsporing

Bergensbanen er stengt etter at eit tog har spora av ved Myrdal. Vy melder på nettsidene sine at Myrdal-Mjølfjell er stengt for togtrafikk, og at det blir forseinkingar. Pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor seier ingen personar er skadde i hendinga. Dei fekk melding om hendinga rundt klokka 18.00. – Vi må heise på plass toget og undersøke om det er skader på infrastrukturen, seier Børseth til NRK. Kor lang tid det tek, er ukjent. – Inntil vidare snur toget og heile Bergensbanen er sperra, seier han. Både dei aust-og vestgåande toga må snu. Korleis trafikken går utover, og om nattoga blir påverka, er det Vy som må svare ut, seier han. – Kva er årsaka til avsporinga? – Eg har snakka med togleiaren, men han visste det ikkje. Men det er fleire moglege årsaker. Ofte vil slike avsporingar skje i samanheng med sporveksel, seier han. – Men det kan også vere feil med sjølve toget, eller ein feil på infrastrukturen, legg Børseth til. Kva fart toget hadde er ukjent, men sidan det skjedde i nærleiken av Myrdal stasjon, var truleg farten ikkje så høg, seier pressekontakten

Jul 12, 2025 - 00:00
 0