AO: Jan Bøhler melder seg ut av Senterpartiet
Jan Bøhler melder seg ut av Senterpartiet og stiller som kandidat på vallista til «Redd Ullevål Sykehus», melder Avisa Oslo. Bøhler var i mange år politikar for Arbeidarpartiet, men melde overgang til Senterpartiet i 2020. Han var førstekandidat i Oslo, men kom ikkje inn på Stortinget.
