Amalie Iuel sist i Diamond League-finalen

Amerikanske Anna Cockrell vann finalen i Diamond League i Brussel fredag kveld på 400 meter hekk. Norske Amalie Iuel fekk det tøft i Belgia og vart sist over målstreken og enda på tida 54.90. – Eg kjende at det vart tøft på oppløpet. Det vart litt surr med stegrytmen min ut av svingen. Og så prøvde eg meg på ein litt hardare opning i dag. Prøvde å ikkje bli heilt hekta av frå start, men det kjende eg kosta litt på slutten, sa Iuel til NRK etter målgang. Emma Zapletalová tok andreplassen før belgiske Paulien Couckuyt. Dette var Iuel sitt siste Diamond League-konkurranse i karrieren og den nest siste internasjonale konkurransen hennar. Tidleg i juni sette ho personleg rekord med 54,05 under eit stemne i Roma. Veteranen har jakta på å slå Line Klosters norske rekord på 53,91 sekund i lang tid.

Sep 5, 2026 - 02:00
 0