Syng aktivistisk vise­punk på vossa­mål – er klare for Roskild

5 months ago 81


Sliteneliten for NRK mai 2024

Motstraums politiske tekstar og hardtslåande trubadurkomp har bringa kvinnene i Sliteneliten til Roskilde-festivalen.

Foto: Xin Li / NRK

Med visepunk på vossamål vil bandet Sliteneliten engasjere dei unge.

Med hardtslåande tekstar i bagasjen, drar Sliteneliten snart til Danmark for å spele på ein av Europas største festivalar. Dei seks unge kvinnene omtalar seg som eit aktivistisk band, som ønskjer å endre verda.

Ikkje noko mindre.

Dei syng om alt frå antikapitalisme, psykiatritilbod, fødetilbod, kvinnekamp og sekstimarsdag, til miljøvern, distriktspolitikk og betre vilkår for bøndene.

– Det finst masse radikal ungdom rundt om i landet som ikkje har noko «husband», seier bassist Maria Refsland.

Ho gjekk høgt ut og lova dei andre «gull og grøne skogar» og mange spelejobbar om dei starta eit band. Og det har slått til. Etter at det andre albumet kom i 2023, begynte store festivalar å banke på døra.

– Vi trur på at musikken kan styrke folk som står i ein kamp, og få folk til å halde ut lenger. For oss som vaks opp med ironikulturen er det så godt å omfamne det inderlege, seier vokalist Synneva Gjelland.

Også reint visuelt skil dei seg ut i pop-marknaden.

Her er ingen spor av retusjerte, mystiske eller erotiserte bandbilete. Dei seks bandmedlemane stiller heller i kvardagsklede med store smil, i godt lys og utan filter, gjerne på ein gard med ei geit eller sju.

Sliteneliten med geiter

Betre med ei geit i fanget enn ti nyliberalistar på taket. Sliteneliten på fotoshoot i geitefjøset på landbruksskulen i Aurland i Sogn, der fleire av bandmedlemane har gått.

Foto: Signe Rosenlund-Hauglid

– Har sakna politisk musikk

Med dei politiske tekstane sine går bandet nesten åleine mot straumen i musikkbransjen. For songtekstar handlar i dag stort sett om personlege kjensler.

Ein studie av kommersiell musikk frå dei seinaste 40 åra, viser at poptekstar har blitt enklare, meir gjentakande og meir sjølvopptatte. Tekstane til Sliteneliten er tvert imot ordrike, argumenterande, og inneheld ord som «matsikkerheit», «langtidsplass», «hev-senk-pult», «nyliberal» og «dobbeltmoral».

– Vi har fått høyre av vi ikkje akkurat er kjempesmarte PR-messig ved å gi låtane titlar som «Langsiktige mål» og «Me kan’kje sei nei te da som e bedre», seier Refsland.

Bandet Sliteneliten i robåt i Etne

Motstraums og desentralisert: Medlemane i Sliteneliten kjem frå Voss, Flekkefjord, Notodden, Inderøy, Levanger og Oslo. Her i ein robåt i Etne.

Foto: Ragnhild Nelvik Bruseth

Ikkje desto mindre, er Sliteneliten no inviterte til å spele på Roskilde-festivalen i Danmark, noko som står høgt på ønskelista til mange norske artistar og band.

På plakaten i år finn ein i år mellom anna megastjerner som Doja Cat, Foo Fighters, 21 Savage og Aurora.

– Det var ein heilt surrealistisk, uverkeleg mail å få, seier fløytist Silje Strøm om at Roskilde kontakta dei.

Rundt 100.000 publikummarar er innom Roskilde i løpet av dei fire dagane festivalen varar. Sliteneliten skal spele på ein av dei såkalla oppvarmingsdagane, den 30. juni. To dagar før slepper dei ein ny låt om fred.

– Vil de gjere politikk musikk «great again»?

Ja, sjølvsagt! Det er kanskje det viktigaste med dette bandet. Vi sakna politisk musikk!

Med songar prega av alvor syng dei om det som er viktig for individet, naturen og for samfunnet.

– Eg trur mange held seg unna politikken fordi det blir så alvorleg og tungt og håplaust å skape endring. Difor er det eit privilegium å få vere med å gjere politisk engasjement til noko gøy, seier Gjelland.

« ... med kollektiv kraft syng Sliteneliten sin bodskap ut, slik at det er umogeleg å ikkje la seg rive med», skriv Roskilde på sine nettsider.

– Men vil danskane forstå vossamål?

– Kanskje vi burde trykke opp eit ark med tekstane på?

For tekstane er viktige.

– Heller protestaksjon enn klubb

I begge albuma til Sliteneliten følgjer det med hefte med tekstar og akkordar til songane. Her er alt lagt til rette for allsong med kassegitaren.

– Dersom vi må velje, spelar vi heller på ein protestaksjon enn på ein klubb i storbyen. Men vi låser oss ikkje til nokon partipolitisk ståstad. Vi er meir opptatt av den rådande ideologien og tidsånda, seier Refsland, som skriv mange av tekstane.

Det begynte med spørsmål som «Kvifor skal ein legge ned lokalsjukehus?», «Kvifor skal ein dumpe gruveavfall i fjorden?», «Kvifor skal ein vinne ut olje når det øydelegg klimaet?», «Kvifor skal ein ta profitt ut av velferd» og «Kvifor kan ein ikkje slette u-landsgjelda?»

– Ein kjenner seg heilt makteslaus av alle desse spørsmåla, men så oppdagar ein at det er det kapitalistiske system som genererer problema. Høgresida har prøvd å kuppe «individet», medan folk assosierer venstresida med «kollektivet». Men vi vil jo ha ei verd som er bra for deg og meg og vennane våre. Derfor vil vi kjempa for eit nytt, meir menneskevenleg økonomisk system.

Sliteneliten for NRK mai 2024

Sliteneliten består av (frå venstre): Maria Refsland, bass og vokal; Synneva Gjelland, vokal og gitar, etc.; Thea Kvam, trommer; Ylva Gulpinar, gitar; Inga Haugdahl Solberg, fiolin og vokal og Silje Strøm, fløyte.

Foto: Xin Li / NRK

– Det vi driv med, er eit slags utopisk, eller anarkistisk prosjekt, seier felespelar Inga Haugdahl Solberg.

Trass den inderlege og uironiske kampånda, er det mykje humor og sjølvironi med i tekstane.

Frå 'Jobb til meg'

Strukturert, praktisk anlagt, utadvendt,

initiativrik, pålitelig, effektiv,
sjølvstendig, nøyaktig, positiv

- eg kjenne meg ikkje igjen i ein drit
Men eg vil gjere gjera ein god jobb,

så om du ikkje e kresen
Ansett meg uten vinnande vesen

Frå 'Snill'

Har du høyrt om ei dama som heite Linn

Ho skrive om vårt nyliberale sinn

Om at verden no e vinn og forsvinn

Og da e derfor mykje blekk i journalen min

Du trur at da e enten elle, å At da e prestasjona som telle, å

Men plis la ve og konkurrer med meg

Eg ønske at alt ska gå godt fø deg

Frå 'Leirduer i bur'

Ja, i psykiatrien e da slutt på langtidsplass
Bestemt av folk som sjølv stort sett har bolig i palass
Men sjølv i palasset så kan da jo bli stygt
Men e du kåno te Tor Mikkel Wara leve du jo trygt
Ikkje nok fritt vilt i skogen
Dei måtte skyta meir
Så kast oss ut på gata
I sjølvlysande kle

Frå 'Eat dei rike'

Ja, Gunnhild Stordalen, du e herved invitert

6 o’clock ikveld blir da middag heima hos meg

Miljøvennlig ja, så klart e det da

Kleskode, du, berre kom du som normalt

Petter med eple i munnen e nettopp servert

...

Frå 'Bondeopprør'

Mat kjem eigentleg ikkje i vakuumpakke, eller rekande på ei fjøl
Det er nokon som jobbe fø at du slepp å hyppa potene di sjølv
Du må ha mjelk, mjøl og smør fø å laga vafler
Og nokon som mjelke, kinne, og svinge høygafler

Så no manast da til bondeopprør

Frå 'Kapitalistknusaren'

Kem tjene på ein higen etter kappløpet

mot botnen av privilegiestigen

Da e klart da e real

Men e da god strategi, da då

Men e da god strategi, e da da då

Kem e den egentlige fienden Kem e den egentlige fienden

SJÅ OPP SJÅ OPP ME SKA KNUSA KAPITALEN

Odelsjenter

Medlemmene i Sliteneliten er mellom 27 og 32 år.

Både vokalist Synneva og trommis Thea Kvam er odelsjenter og har tenkt å drive med jordbruk, og både dei to og fløytist Silje Strøm har agronomutdanning.

– Det som er fint med gard, er at ein har stor plass, mellom anna til øvingslokale, seier Gjelland.

På tunet på hennar gard står eit gammalt bedehus. I det skal dei no innreie til studio. For når ho har overtatt garden med mjølkekyrne er det ikkje berre å reise på øving.

Bandøving for Sliteneliten i bedehuset på Voss

Med Jesus i ryggen i kamp mot kapitalismen? Sliteneliten i bedehuset som står på gardstunet til vokalist Synneva Gjelland, Fv: Silje Strøm, Synneva Gjelland, Inga Haugdahl Solberg, Thea Kvam og Ylva Gulpinar. Bassist Maria Refsland tar biletet.

Foto: Maria Refsland

Fleire av dei seks medlemmene er skeive.

I låten «Den lesbiske dalen» er lesbisk og lukkeleg normalen. Men alle får vere med, uansett legning og kjønnsuttrykk. Så lenge dei ikkje lagar kvalm.

Nokre av oss er kanskje meir «personlegdomsskeive». Vi er for ein brei definisjon av «skeiv», det er jo ei rørsle som handlar om at alle skal få lov å vere seg sjølve, og få vere saman med den dei vil, seier Gjelland.

– Vårt prosjekt handlar om å synleggjere det rare, seier Silje Strøm.

Fløyte- og fiolinpunk

Musikkmeldar i Bergens Tidende Ellisiv Sunde Myrva er imponert over det Sliteneliten har fått til, og at dei no skal spele på Roskilde.

Dei første dagane av Roskilde har blitt ein festival i seg sjølv dei seinaste åra.

Å bli booka dit, viser at Sliteneliten skil seg ut, ikkje berre i norsk samanheng, men nordisk. Og at det er mykje å rope og rime om, som Roskilde meiner eit publikum i verdsklasse bør lytte til, seier Sunde Myrva.

Sliteneliten for NRK mai 2024

– Mange band kjem med ei god debutplate, men så misser dei kontakten med det vanlege livet og begynner å fly helikopter mellom festivalar. Då forsvinn dei gode tekstane, seier bassist Maria Refsland (TV).

Foto: Xin Li / NRK

– Vi ville jo eigentleg lage eit punkeband, seier bassist Refsland.

Men då instrumenta blei brakt på bordet, måtte dei revurdere punkplanen: Silje spelar fløyte og Inga fiolin. Fem av seks har fortid som kulturskulebarn, og Synneva har gått på folkehøgskule med visesonglinje i Sverige.

Derfor vart sjangeren visepunk oppretta.

Det kan låte skranglete. Men her er det også lekre harmoniar og fiffige musikalske referansar:

«Matpakkespisesangen» til Knudsen & Ludvigsen dukkar opp når det handlar om vilkåra til matprodusentane, og «Jeg gikk en tur på stien» når det handlar om nedlagde sengepostar i psykiatrien. Gauken gjel ko-ko i slepande mollversjonen – denne gauken vil du helst ikkje møte på stien.

– Det skal låte litt rått og naturleg. Vi hadde først ein regel om at ingen fekk ha meir enn éin effektpedal. No er det visst enkelte av oss som har tre ... men vi vil ikkje låte kunstig.

Sliteneliten for NRK / mai 2024

Motstraums politiske tekstar og hardtslåande trubadurkomp har bringa kvinnene i Sliteneliten til Roskilde-festivalen. Dei skal spele på første dag av Roskilde-festivalen.

Foto: Xin Li

Ei større rørsle

Kva om de blir store og folk lærar seg Sliteneliten-songane og syng allsong på vossadialekt? Vil dei klare å halde på integriteten?

Det er ikkje grunn til uro, meiner bandet.

– Det er vel liten fare for at vi blir så voldsomt store, og heilt sidan starten har vi vore flinke å jekke kvarandre ned, seier Refsland.

Divanykke blir raskt slått ned! Vi får førebels knapt dekt reise når vi spelar konsertar, vi ber og riggar vårt eige utstyr, og spelar meir enn gjerne på eit bortgøymt grendehus for unge miljøaktivistar, om vi blir spurde!

Bandet Sliteneliten spiller på Blå i Oslo

Medlemane i Sliteneliten bur på ulike stader i Noreg, men møtest til øvingar og konsertar, her på scena på Blå i Oslo i mars 2023.

Foto: Maja Holand

Bandmedlemmene meiner det er viktig å halde ved like den politiske grunnmuren sin.

– Vi minner oss sjølve om kva det eigentleg handlar om. Vi vil jo gjerne halde på med dette til vi er gamle, slik som vårt store førebilete, visegruppa Amtmandens døtre. Dei skal ha reunion i år, når fleire av dei fyller sytti, og vi får spele på konserten deira!

Og dei er einige om språkval.

Å synge på engelsk er ikkje aktuelt.

– Vi vil ha «små mål», satsar erobre Danmark og Sverige!– Men dersom mange kjem til å like oss – songane og tekstane våre – på våre premiss, så tyder vel det at det er noko større på gang. Ei større rørsle. Det hadde jo vore fantastisk, seier felespelar Haugdahl Solberg.

Sjå meir frå kultur:

Stoltenberg: – Oslolosen var egentlig min karakter 01:28

Publisert 29.06.2024, kl. 13.21

Read Entire Article