Rana trøndersk artist – pengane enda opp i Noreg, Sverige og Tyrkia

1 week ago 8


Ein trøndersk artist overførte 750.000 kroner til ein person som trua med å partere både artisten og familien.

Det heile starta då sonen til artisten blei kidnappa natt til 9. mai i fjor.

Sonen og ein av dei som kidnappa han skulda truleg personar i Foxtrot-nettverket pengar for narkotika. Gjelda enda med ranet av artisten.

Då blei artisten sett i kontakt med ein person knytt til nettverket. Artisten blei trua på livet heilt til han betalte for den påståtte narkotikagjelda til sonen.

Pengane hamna i Noreg, Sverige og Tyrkia

Artisten måtte låne pengar frå vener og kjente for å betale personane som trua han. Totalt er seks personar tiltalt for medverknad til ranet av artisten og ventar på å få si dom.

Til slutt overførte han 750.000 kroner som hamna hos personar knytt til Foxtrot, både i Sverige og Tyrkia.

 Pengesedler med vinger, pengesekk, Pengesedler med vinger, pengesekk.

Litt over 200.000 kroner brukte to av dei tiltalte på shopping av merkeklede. Resten blei overført mellom tre av dei tiltalte og vidare til andre personar.

Ein del av pengesummen blei overført til ukjente lommebøker.

Politiet meiner det blei gjort for å tilsløre kvar pengane kom frå og kven dei gjekk til.

Det sa aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne under rettssaka.

Av ranssummen blei det kjøpt bitcoin for 200.000 kroner. Noko av bitcoin-summen blei overført til ein person som var sentral i Foxtrot-nettverket.

Vedkommande enda opp med 62.000 kroner. Han var nær ven med tidlegare leiar i nettverket, «Den kurdiske reven» og skal no vere på sida til motstandaren «Jordgubben».

Fleire mindre summar blei overført til personar i Noreg og Sverige.

Lenka eller adressa til denne appen eller nettsida fekk dei frå ein person med tyrkisk telefonnummer, kalla «The one».

Men der stoppa spora av personen.

– Politiet har ikkje funne eigaren på denne Bitcoin-lommeboka, sa aktor i retten.

Rundt 127.000 kroner blei overført til ein annan svenske, som politiet sa dei ikkje hadde så mykje informasjon om.

Han har nokre dommar på seg i Sverige, men det er ukjent om dei er kopla til kriminelle nettverk.

– Foxtrot finst ikkje lengre

På hausten i fjor oppstod det ei konflikt i Foxtrot-nettverket i Sverige.

Ein narkotikahandel skal ha gått gale og sentralt i konflikten stod diskusjonen om det var rett av Foxtrot å rekruttere barn.

Nettverket blei splitta og på den eine sida stod leiaren Rawa Majid, «den kurdiske reven». På den andre sida stod Ismail Abdo, «Jordgubben».

mobilen til svensken som rana den trønderske artisten fann politiet i Sverige bilete av «Den kurdiske reven».

I tillegg hadde han skrevet notat som kopla nettverket og Majid til ranet i Trondheim:

«Fox 🦊», «betala av fox skuld» og «Mina saker o lösa skulder. 1: Trondheim», stod det på nokre av notata.

Men etter hendinga i Trondheim og spliden i Foxtrot har det etablert seg nye grupperingar og nettverk.

– Foxtrot finst ikkje lengre, men dei som var med i nettverket tidlegare har etablert kontaktar i dei nordiske landa våre.

Det seier gravejournalist i SVT, Diamant Salihu.

– Dei samarbeider og driv forretning rundt narkotika, kontantsmugling og svindel.

Han seier ranet av artisten er ein typisk måte nettverka jobbar på.

I intervju på Dagsrevyen beskriver den svenske journalisten og forfatteren Diamant Salihu faren for at den svenske gjengkonflikten kan spre seg til Norge.

På Dagsrevyen i november sa Diamant Salihu at Noreg kan bli «gangster paradise» for svenske gjengkriminelle.

Foto: Skjermdump

– Det er ikkje overraskande at kriminelle prøver å tene pengar på utpressing og truslar, som i dette tilfellet. Det er sånn dei jobbar for å finne inntekt.

– Alt som kan hjelpe dei med å tene mest mogeleg på kriminalitet.

Vil dømme dei etter Mafiaparagrafen

– Tre personar skil seg ut som sentrale bakmenn, sa aktor i retten.

Og for dei ber aktor om opp til åtte år i fengsel og at dei skal dømmast etter Mafiaparagrafen.

– Hovudmålet for gruppa var å gjennomføre eit ran.

Og sidan det er seks personar som står bak ranet av artisten meiner aktoratet at dei må dømmast strengt og etter Mafiaparagrafen.

Forsvararane vil ha halvert straff for dei tiltalte og meiner tilknytinga til Foxtrot er vag.

Det var venta at dommen skulle kome 3. mai, men er utsett til fredag 10. mai.

URIX 27. september: Rawa Majid, kalla den kurdiske reven, er ein av Sveriges mest ettersøkte gjengleiarar. Nettverket hans koplast til fleire drap og eksplosjonar i Sverige den siste tida. Kven er han og korleis jobbar han?

Publisert 09.05.2024, kl. 16.46

Read Entire Article