VG: Familiemedlem varsla om Team Ingebrigtsen

5 months ago 361


20. januar 2021 kom det varsel frå eit familiemedlem til skaparane av serien, skriv VG.

Det var ti månadar før siste sesong av TV-serien Team Ingebrigtsen vart sendt på NRK.

«De skal tenke dykk grundig om korleis de viser Gjert spesielt», stod det i varselet.

VM i friidrett 2019 i Doha i Qatar

Brødrene Jakob, Filip og Henrik Ingebrigtsen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Langt unna sanninga

Det var produksjonsselskapet Zapaca Films som tok imot e-posten.

I den vart det også hevda at biletet som vart teikna av Gjert Ingebrigtsen spesielt og familielivet generelt var «så heilt utanfor frå sanninga som det går an å kome».

Det vart også hevda at folk ikkje ville sett på serien dersom dei visste den ekte sanninga.

Avsendaren forklarte varselet med at det føregjekk ting i familien som «ikkje er bra».

Siste sesong av serien hadde premiere 3. desember 2021. I februar 2022 vart det klart at brørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen avslutta trenarforholdet med far Gjert.

I oktober i år stod dei fram og fortalde om både vald og trugslar i oppveksten.

Gjert Ingebrigtsen har heile vegen nekta all skuld i saka, og kjenner seg ikkje igjen i mistankegrunnlaget.

Følgde opp

Linn Therese Amundsen er regissør og fotograf i serien. Ho seier til VG at dei følgde opp e-posten.

– På det tidspunktet hadde vi i Zapaca Film brukt fem år med familien. I løpet av denne tida har vi hatt mange lange, og det vi oppfatta som fortrulege samtalar med dei fleste familiemedlemmene. Det var i denne konteksten mailen vart lest og handtert av oss.

Ifølgje henne vart varslaren sjølv filma, og fekk tilsend episodar i ettertid for å kunne gi tilbakemelding. Selskapet seier dei også kommuniserte også med NRK om saka.

Jon Ola Sand er strategi- og utviklingssjef for eksternavdelinga i NRK, og har ansvar for det som blir kjøpt inn frå andre. Han seier NRK vart kjent med innhaldet i e-posten tysdag 28. november.

Han seier dei har hatt tett dialog med produksjonen over mange år, men kan ikkje hugse ein konkret samtale om denne e-posten.

Jon Ola Sand

Jon Ola Sand er strategi- og utviklingssjef for eksternavdelinga i NRK.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Han seier til VG at dei heller ikkje fekk tilsendt e-posten.

– Men, produksjonsselskapet vurderte aldri at desse konfliktane var så alvorlege som det verkar no i ettertid.

Gjert Ingebrigtsen sin advokat, John Christian Elden, er informert om saka. Heidi Reisvang i Elden Advokatfirma seier til NRK at dei ikkje vil kommentere saka.

Dette har skjedd i Ingebrigtsen-konflikten

Fra gullglis, realityshow og jubel, til familiebråk og beskyldninger om vold. Her er tidslinjen i Ingebrigtsen-konflikten.

Read Entire Article