– Pose?
– Nei takk.
Det har blitt det nye standardsvaret for butikkmedarbeidar Nora Alnes i kassen på Rema 1000 Grannes, Stavanger.
På berre eit snautt år har Norgesgruppen-butikkane seld nesten 80 millionar færre plastposar enn i fjor. Rema 1000 har selt 39 millionar færre og Coop 38 millionar færre sidan prisauken på plastposar i fjor.
– Folk er meir bevisste nå. Med den første prisauken var folk framleis litt meir opne, «okei eg tar ein pose», mens nå får me nesten kjeft når me spør om pose, seier Alnes.
5,50 kroner for pose
I fjor sommar auka Handelens Miljøfond kontingenten på plastposen slik at posen i mange butikkar enda opp med å koste 4,25 kroner.
I mai auka plastposeprisen ytterlegare til 5,50 kroner per stykk. Det har også ført med seg litt reaksjonar i kassa.
– Nokre er litt småbjeffete og seier «årgh sånn var det ikkje før, då fekk me jo pose», men heldigvis er det fåtalet, seier Alnes.
Det er tydeleg endring i posevanar, og dei fleste kundane Alnes får i kassen takkar fint nei.
Tal frå Norgesgruppen understrekar også dette. Nå går nærare 75 prosent av alle handlar føre seg utan sal av plastpose.
Kjøper du pose på butikken?
Torfinn Dahle er stamkunde på Rema 1000 Grannes.
Han takkar nei til pose, for han bruker handlenett.
– Eg har hatt dette handlenettet i fem år nå. Eg er veldig fornøgd, seier han.
Vinn utan svinn
Prisauken på plastposar reduserer også posesvinnet i butikkane:
– Før i tida, då posane var veldig rimelege, så fekk du posen med på kjøpet når du handla mykje, det var ein del av kundeservicen, seier Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen.
Nå fortel ho situasjonen er annleis og posen er blitt ei reel vare, men som det i motsetning til andre varer, helst skal seljast færrast mogeleg av.
– Me har ikkje råd til å berre gje ut masse posar lengre, nettopp fordi det er såpass dyrt å ta dei inn og selje, seier Alnes i kassen på Rema 1000.
Ho innrømmer at ho før har delt ut både den eine og andre plastposen gratis, men har måtte skjerpa seg og blitt flinkare til å ta betalt for posar:
– Den er litt kjip, eller ikkje berre litt, den er kjip punktum. Men posen er jo ei vare, det er ein transaksjon, seier ho.
Rema 1000 nasjonalt opplever eit kraftig fall i posesvinn opplyser Emilie Våge, leiar for samfunnsansvar og berekraft:
– Me ser ein betydeleg nedgang i svinn i våre butikkar, og det kan nok ha noko med at fleire og fleire nyttar seg av gjenbruksnett, seier ho.
Men ikkje alle opplev den positive trenden.
Ny plastposedispenser
– Når plastposeprisen har økt så mykje, ser me også at ein del kundar unnlet å skanne posen, seier Harald Kristiansen, Kommunikasjonsdirektør i Coop.
Sjølv om dei fleste kundar er greie har dei også eit nytt testprosjekt for å halde fram med å minke posehandlinga:
– I løpet av hausten vil me teste ein plastposedispenser i ein utvald butikk i Oslo. Kunden klikkar på poseknappen i kassen, posen kjem ut av dispenseren og prisen for posen legg seg til i kjøpet, seier Kristiansen.
For Coop har salet av plastposar hittil i år gått ned med 33 prosent og det utgjer altså 38 millionar posar, samanlikna med same periode i fjor.
Over 100 prosent auke
Og medan plastposesalet går ned, går andre sal opp:
Hos Coop har salet av handlenett gått opp 127 prosent hittil i år og salet av avfallsposar har dobla seg. Ein auke på 127 prosent betyr 425 000 fleire handlenett.
Også Norgesgruppen sine butikkar opplev meir enn ei dobling i salet av avfallsposar.
– Folk har blitt enda flinkare til å ta med eigen pose, det er den største skilnaden eg merkar her. Før var folk var ganske flinke, og nå er dei blitt VELDIG flinke, seier ho idet enda ein kunde takkar nei til pose, seier butikkmedarbeidaren på Rema 1000 i Sola.
Publisert 30.07.2024, kl. 09.19