Kva for norsk film meiner du var årets beste?

5 months ago 95


Årets beste norske filmar skal kårast når den 40. utdelinga av Amandaprisen går av stabelen laurdag 24. august. Ein av statuettane som skal delast ut, er publikumsprisen Folkets Amanda.

Denne prisen går til ein av dei filmane som har lokka flest nordmenn til kinosalane sidan førre sommar. Det er likevel ikkje terningkast eller billettsal som avgjer kven som får Folkets Amanda – det avgjer du, ved å stemme på favoritten din.

Avstemminga skjer ved SMS og det er gratis å stemme. Du kan stemme fram til 23. august klokka 12.00.

Her er årets finalistar:

Den første julen i Skomakergata

Jens Petrus Andersen i "Den første julen i Skomakergata"

Foto: Kristianne Marøy / Nordisk Film Distribusjon

Regi: Mikal Hovland Utgivar: Nordisk Film Distribusjon

Julekalenderen «Jul i Skomakergata» frå 1979 er ein kjent og kjær klassikar for mange. Men det er ikkje alt ved klassikaren som nødvendigvis har tolt tida si tann like godt, meiner NRKs filmmeldar Birger Vestmo.

Han meiner den nye filmen friskar opp både tematikken, figurane og det vesle universet dei er i. Dette er den mest sette kinofilmen i Noreg dette filmåret.

– Regissør Mikal Hovland prøver på ingen måte å ta avstand frå karakteristikkane i serien, men held seg til det varme, trygge og attkjennande. Det ser ut til at det norske publikummet responderte positivt på dette, sidan over 400.000 såg filmen på kino, seier Vestmo.

Les filmmeldinga her

Send SMS Film1 til 26199 for å stemme på «Jul i Skomakergata».

Sulis 1907

Sulis 1907 pressefoto

Foto: Anders Bohman

Regi: Nils Gaup Utgivar: SF Studios

Ein film inspirert av ein verkeleg gruvestreik som skulle få stor betydning for forholdet mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar, og det framtidige velferdssamfunnet. Over 150.000 såg filmen på kino.

«Sulis 1907» er ein velgjort og engasjerande film, meiner NRKs filmmeldar.

– Med ein så durkdriven regissør som Nils Gaup føler ein seg til ei kvar tid i trygge hender. Filmen er ein heilstøypt og handlingsmetta historieleksjon med høg kvalitet i fleire ledd, og hadde kanskje fortent enno fleire sjåarar enn det han fekk på kino, seier Birger Vestmo.

Les filmmeldinga her

Send SMS Film2 til 26199 for å stemme på «Sulis 1907».

Lars er LOL

Amanda ( Lilly Winger Schmidt) og Lars (Adrian Øverjordet Vestnes) utvikler et fint vennskap i «Lars er LOL»

Foto: Nordisk Film Distribusjon

Regi: Eirik Sæter Stordahl Utgivar: Nordisk Film Distribusjon

Denne familiefilmen handlar om viktige og tidlause tema som mobbing, gruppepress, utanforskap og aksept for den ein er. Filmen blei sett av over 130.000 besøkande på kino.

Filmen er basert på den kritikarroste boka med same namn av Ibelin Akerlie. Regissør Stordahl har laga eit effektivt manus som trekker i hjartetrådene til publikum, meiner Vestmo.

– «Lars er LOL» har den rette miksen av djupt alvor og avvæpnande humor til at den viktige bodskapen bør nå inn til dei det er meint å treffe.

Les filmmeldinga her

Send SMS Film3 til 26199 for å stemme på «Sulis 1907».

Konvoi

Konvoi.

Foto: Lukas Salna / Lukas Salna for Fantefilm Fiksjon

Regi: Henrik M. Dahlsbakken Utgivar: Nordisk Film Distribusjon

«Konvoi» er inspirert av ei av dei største dramatiske hendingane som skjedde på havet under krigen. Denne filmen Filmen blei sett av over 110.000 besøkande på kino.

Vestmo meiner denne filmen er ein forholdsvis konvensjonell krigsthriller, som også er spennande, engasjerande og vellaga.

– Eg beit bokstavleg talt negler under eín spesielt intens sekvens, noko som fortel meg at regissør Henrik M. Dahlsbakken har lukkast godt med å skildre norske sjømenn sine marerittaktige opplevingar under andre verdskrigen, seier Birger Vestmo.

Les filmmeldinga her

Send SMS Film4 til 26199 for å stemme på «Konvoi»

Bukkene Bruse på Badeland

Bukkene Bruse på badeland

Foto: Nordisk Film

Regi: Will Ashurst Utgivar: Nordisk Film Distribusjon

Denne animasjonsfilmen er ein adapsjon av barneboka med same namn av Bjørn F. Rørvik og illustratør Gry Moursund frå 2009. Filmen blei sett av over 170.000 besøkande på kino.

Sjølv ein vaksen filmkritikar lar seg underhalde stort, seier Birger Vestmo.

– Denne filmen frå Qvisten Animation er «stein hakki toillat», som det trønderske trollet i filmen ville ha sagt. Filmen er laga med store mengder infam humor og anarkistisk galskap, der teikningane blir gjort levande som om ein blir kasta ut på ein fargerik syretripp – noko dette sjølvsagt ikkje er, fordi det er ein barnefilm.

Send SMS Film5 til 26199 for å stemme på «Bukkene Bruse på Badeland»

Publisert 28.06.2024, kl. 11.57

Read Entire Article