Ytre høgre skal leie EU-parlamentets klimaarbeid

7 hours ago 4



Tysdag blei det klart. Ytre høgre skal leie det viktige arbeidet med EUs klimamål i EU-parlamentet.

– Patriotar for Europa er absolutt dominert av klimaskeptikarar. Dei trur ikkje på menneskeskapte klimaendringar. Og dei er mot den klimapolitikken som EU har ført dei siste 20 åra.

Det seier Paal Frisvold. Han er EU-kjennar med mange år bak seg i Brussel og står på MDGs liste til stortingsvalet i år.

Med 84 av dei totalt 720 medlemmene er Patriotar for Europa den tredje største partigruppa i EU-parlamentet. Blant medlemmene er:

  • Nasjonal Samling, leia av Marine le Pen (Frankrike)
  • Fidesz, leia av Viktor Orbán (Ungarn)
  • Vox (Spania)
  • Fridomspartiet (Austerrike)
  • PVV, leia av Geert Wilders (Nederland)
  • Lega, leia av Matteo Salvini (Italia)
  • Dansk Folkeparti (Danmark)

Gruppa inneheld dermed dei fleste av dei populistiske partia på ytre høgre-fløy i Europa.

En bygning som slipper ut røyk

EU har sagt dei skal redusere utsleppa med 90 prosent innan år 2040.

Foto: AP

2040 og 2035

EU-kommisjonen la førre veke fram eit forslag om å kutte CO₂-utsleppa med 90 prosent innan 2040.

Som ein del av forslaget må EU også melde inn til FN kor mykje dei skal kutte utsleppa med innan 2035.

Det skal skje seinast i september i år – og i alle fall før klimatoppmøtet i Brasil i november. Nå seier ein medlem av Patriotar for Europa til Reuters at dei ikkje vil prioritere å nå fristane.

– Dette har veldig mykje å seie for korleis tempoet i EUs klimapolitikk blir etter 2030. Det seier professor i statsvitskap ved UiO, Elin Lerum Boasson.

Samtidig meiner Boasson at det eigentleg har ganske lite å seie for gjennomføringa av all den store breidda av klimapolitikk som EU har vedtatt dei siste åra.

en mann og kvinne som håndhilser

To av frontfigurane til Europa-patriotane, franske Marine le Pen og ungarske Viktor Orban var onsdag til stades på det dei kalla ein «sigersfest» for at dei vant EU-valet for eit år sida.i

Foto: Reuters

Danmark blir viktig

Danmark har presidentskapen i EU dette halvåret. Boasson seier at etter det som har skjedd i EU-parlamentet, blir halvåret både utfordrande og viktig for danskane.

– Det å ha presidentskapen er utruleg viktig. Eg trur at nå kjem presidentskapen til å måtte ta store grep for å sørge for at EU melder inn eit mål før klimaforhandlingane i november, seier Boasson.

EU er ikkje avhengig av å få parlamentet med seg for å melde inn nye mål til FN. Men Boasson meiner at det likevel er viktig

– Eg trur at EU og dei fleste viktige personar i EU har ønskt at parlamentet skal vere med på denne prosessen, for å sikre demokratisk legitimitet, seier ho.

I utakt med folket

– Dette er ille. Dei kan i verste fall øydelegge EUs leiarrolle i klimakampen, seier Paal Frisvold.

Han seier at det som skjedde i parlamentet reflekterer den politiske vinden som nå har blåst over kontinentet i det siste.

Samtidig viser tal frå Eurobarometeret, ein stor meiningsmåling som blir gjort i alle EU-landa – eit anna bilete.

Tala syner at det er stor støtte for å prioritere tiltak for å få bukt med klimaendringar.

Heile 85 prosent er «einige» eller «delvis einige» i at slike tiltak bør prioriterast, viser tala som blei kjent i førre veke.

en mann som holder en mikrofon

– Alle nordmenn som er opptatte av klima, bør jo følge desse prosessane i EU, seier Elin Lerum Boasson.

Foto: Heiko Junge / NTB

Viktig for Noreg

Boasson seier at det som skjer i EU nå, har veldig mykje å seie for Noreg.

– Noreg har valt å kople klimaambisjonane sine så tett til EU at vi eigentleg seier at så lenge EU når klimamåla sine, så når Noreg klimamåla sine, seier ho.

  • Hans Cosson-Eide, redaksjonsleder for klima og teknologi.

    Derfor blir Europa varmere

    Hetebølgene i Europa kommer oftere, varer lengre, og når høyere temperaturer enn før.

    Forskerne er nå tydelige på at dette i stor grad skyldes menneskeskapte klimagassutslipp.

    Sveip for å lese mer om hvordan sommerne har endret seg, og hva vi kan gjøre med det.

  • En mann kjøler seg ned med vann fra en fontene i Spania.

    AP

    Så mye varmere har det blitt

    Sannsynligheten for hetebølger i verden er nesten tre ganger så stor nå, som den var før den industrielle revolusjonen.

    Store deler av Europa har de siste årene hatt makstemperaturer rundt 10 grader varmere enn normalt.

  • En kvinne slapper av i varmen i Tuileries-parken i Paris.

    AP

    Hver grad teller

    Forskere har studert menneskers påvirkning på klimaet siden tidlig 1900-tall, og bevisene har blitt sterkere siden. Likevel har verdens utslipp fortsatt å øke.

    Dersom den globale oppvarmingen når 2 grader, vil antallet hetebølger i verden trolig doble seg fra dagens nivå. 4 graders oppvarming kan doble antallet hetebølger enda en gang, ifølge FNs klimapanel.

    Men nå skjer det noe.

  • Barn leker i en fontene i Aten.

    AP

    Finnes det håp?

    Det kan hende verden omsider har nådd utslippstoppen. Jo mindre klimagasser vi slipper ut, jo mindre vil disse endringene fortsette å eskalere.

    Mange storbyer har også blitt flinkere til å håndtere hetebølger. Slike tiltak har allerede gjort at færre dør av heten, enn de ellers ville gjort.

Publisert 13.07.2025, kl. 20.27

Read Entire Article