– Vi var oppe i 30 m/s sekund på Lindesnes fyr. Sirdal hadde 34,8 m/s, Obrestad, 33,3 m/s.
– Dette er alle stasjonar på kysten rundt Rogaland og Agder. Det er her det høgast til no, seier statsmeteorolog Alexander Skeltvedt om vinden i natt.
– Det er innanfor det vi har varsla, held han fram
Natt til i dag trefte stormen «Floris» kysten med full styrke.
På førehand var det sendt ut oransje farevarsel for svært mykje vind i Sunnhordland, Rogaland og Agder.
I natt har politiet i Sør-Vest meldt om fleire hendingar relatert til vêret.
Stormen «Floris» trefte Rogalandskysten med full styrke i natt.
Faksimile: MetrologeneDet er venta at vinden vil ta seg opp no i morgontimane.
Fleire tre i vegbana
Så lang har dei verkeleg store konsekvensane lat vente på seg.
I Rogaland er det likevel meldt om fleire tre som har blåse over ende, og som sperrar vegbana.
Velta container og stengt ferjeleie i Mortavika.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKAndreas Rasmussen i Vegtrafikksentralen seier det hovudsaklege er langs jærkysten, mellom Egersund og Randaberg, at det er mykje tre i vegbana.
Det er så langt meldt om tre i vegbana i Haugesund, Suldal, Randaberg, Sirevåg, Sandnes og Hjelmeland.
I Sandnes har eit tre blåse over ein høgspentkabal inn til eit hus. Lnett melder også om at fleire kundar har vore utan straum, det er usikkert om dette er knytt til uvêret.
Politiet kjem også med ei sterk oppmoding til folk som har trampolinar i hagen.
– Vi får stadig vekk meldingar om trampolinar som er på avvegar i vinden. Desse kan skade både folk, bilar, bygningar. Trampolinar og andre lause gjenstandar må sikrast slik at dei ikkje blir tekne av vinden, oppmodinga frå operasjonsleiar Helene Strand i politiet.
Vinden har også hatt stor innverknad på kysttrafikken.
Ferjesambandet Mortavika – Arsvågen er innstilt. Alle Fjord Lines avgangar er også kansellert i dag. Fleire hurtigbåtar i Rogaland er også innstilt tysdag morgon.
Ferjesambandet Mortavika – Arsvågen er stengt.
Foto: Ingvald Nordmark / NRKKraftig vind dei neste timane
– No er det på veg innover kysten, og det er dei neste timane vi vil få dei kraftigaste vindkasta. Fram til litt utpå formiddagen, før det vil roe seg ned, seier statsmeteorolog Skeltvedt rett over klokka 5 i dag.
Det er kystområde i Rogaland og Agder, frå Boknafjorden til Lindesnes, at det er venta kraftigast vind, men vinden vil også råke lengre aust.
– Inn i Skagerrakkysten, og inn Oslofjorden vil vi også komme vind dei neste timane. Skagerrakkysten er ikkje vant med like mykje vind, og det vil bli utfordrande forhold også her, held han fram.
Det vil også komme vind lengre nord på Vestlandet.
For reisande som skal på jobb kan det bli vanskelege forhold.
– Fram til i ettermiddag er det framleis slik at ein må sjå opp for lause gjenstandar, og forventa at det kan vere lause tre og forseinkingar i trafikken.
Statsmeteorolog Alexander Skeltvedt
Foto: Vilde Jagland / METHan oppmodar også folk om å vere føre var.
– Det kan vere farleg når det er skikkeleg kraftige vindkast, og høge bølgjer i strandsona.
Korleis er vêret der du er? Send oss dine bilde her:
Publisert 05.08.2025, kl. 05.59 Oppdatert 05.08.2025, kl. 06.55