Noreg-profilen: – Skulle ønske eg var snillare med meg sjølv

6 hours ago 3



– Eg er jo min beste venn og min verste fiende.

Noregs rutinerte landslagsspelar Guro Reiten både sukkar og smiler der ho sit framfor NRK i solsteika i sveitsiske Neuchâtel, der fotballkvinnene har EM-base.

Reiten, som fyller 31 år dagen før EM-finalen i Basel, har i mange år vore ein av Noregs beste og viktigaste spelarar.

Men ikkje alle veit at sjølv Chelsea-spelar Reiten, som har fått ein karriere dei fleste berre kan drøyme om, slit med å sjå på glaset som halvfullt.

Guro Reiten

VIKTIG BRIKKE: Guro Reiten har bidratt til at Noreg er i kvartfinalen i EM.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

– Skulle ønske eg var snillare med meg sjølv

Det begynte allereie som barn, da ho skreiv fleire dagbøker med sjølvransakande analysar.

«Eg skåra sju mål, men burde hatt ni», er eit eksempel på kva Guro Reiten på ti år kunne skrive til seg sjølv

– Det er jo gonger der eg skulle ønske eg var litt snillare med seg sjølv, seier ho i dag.

I dag ligg dagbøkene trygt plassert heime i Sunndalsøra. Berre ho veit akkurat kor dei ligg, og ho svarer «kanskje ein dag» på NRKs spørsmål om ho vil dele dagboknotata med omverda.

– Er perfeksjonist

Når ho ser tilbake på det ho skreiv den gongen, hender det ho får medkjensle for Guro (10).

– Om eg skulle gått tilbake, hadde eg sikkert hatt det litt meir artig og slappa litt meir av. Men det kjem med åra, det, seier ho.

– Men det er jo ein grunn til at eg sit her i dag. Det er fordi eg har stilt skyhøge krav til meg sjølv, legg ho til.

– Hender det at det er plagsamt å vere på den måten?

– Nei, ein lærer å leve med det òg. Eg er jo perfeksjonist. Eg vil jo berre at alt skal vere bra heile vegen, men det er det aldri. Det er alltid noko å strekke seg etter, meiner ho.

Ho seier ho framleis er sånn, men at ho med åra kanskje har blitt litt betre på å gi seg sjølv ein klapp på skuldra.

Guro Reiten

SKREIV DAGBOK: Guro Reiten førte opp eigenanalysar av seg sjølve i dagbok som ung.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

– Eg kjem aldri for seint

Perfeksjonisten Reiten seier ho er nøye på ting også utanfor banen, enten det er kvardagslege ting eller når ho er på skulebenken.

Ho seier det enkelt: Ho likar å gjere ting ordentleg.

– Eg kjem aldri for seint, i alle fall. Ein kjem ikkje for seint til ting der ein har avtalt med andre.

– Kva gjer du når andre kjem for seint til avtalar med deg?

– Nei, da blir eg sånn ... «Nå har eg sete og venta på deg. Kvifor?», seier ho med eit smil.

– Du klarer ikkje å skjule irritasjonen?

– Nei, da klarer eg ikkje å skjule det. Alle kjem for seint av og til. Men eg er ikkje så glad i å vere den som kjem for seint, seier ho.

en person som har på seg en blå skjorte

HELD TIDA: Guro Reiten er ikkje glad i å komme for seint.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Ho har ein vinnarmentalitet

Noreg-trenar Gemma Grainger meiner Reitens fokus på detaljar seier mykje om henne.

– Ho har ein vinnarmentalitet. Ein kan vere fornøgd med dei gode tinga, men ein ser alltid på korleis ein kan bli betre. Ho har ofte ein tanke om korleis ho kan bli betre, seier Grainger til NRK.

Noreg-trenaren trur, så lenge ein ikkje lèt det gå utover sjølvtilliten, vil ein hunger etter forbetring og fokus på detaljar berre vere med på å utvikle spelarar.

– Men som trenaren hennar skal eg også minne henne på alle dei gode tinga ho gjer. Det er viktig, òg, seier Grainger.

Mjelde: – For hard med seg sjølv

Tidlegare landslagskaptein Maren Mjelde har spelt med Reiten i mange år.

– Eg trur det gjeld veldig mange at ein er sin eigen største fiende og største kritikar. Dei som har sett Guro spele, veit jo kor god ho er. Eg trur ofte ho er litt for hard med seg sjølv, seier Mjelde til NRK.

Også Mjelde meiner Reitens personlegdomstrekk er meir positivt enn det er negativt.

– Det hjelper oss på vegen. Om du er litt kritisk til deg sjølv, så vil du alltid gjere det betre, og det er det som driv oss til heile tida. Det er også derfor Guro er der ho er i dag, trur Mjelde.

– 100 prosent

Reiten trur ikkje ho er den einaste på landslaget som har det sånn. Om ein ikkje er oppteken av å forbetre seg og gjere ting skikkeleg, er det vanskeleg å lykkast med noko i livet, trur ho.

Ho er glad for at ho har perfeksjonisme som eit personlegdomstrekk.

– 100 prosent. Eg hadde jo ikkje sete her i dag om eg ikkje hadde hatt det, meiner ho.

  • Noreg og Reiten er allereie klare for kvartfinale i EM, men spelar torsdag kveld den siste gruppespelkampen mot Island. Den kan du sjå på NRK 1 eller høyre på NRK Sport på radio.

Dødsing møter veggen 02:44

Publisert 14.07.2025, kl. 05.05

Read Entire Article