Kristoffer Østrøm nyt det som kan vere den siste varme sommardagen.
– Det har vore heilt nydeleg i sommar. Vi har ikkje trunge å reise til syden, seier Østrøm.
Kristoffer Østrøm har nytt årets sommarvarme.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKFor austlendingen er sol og varme «heilt topp», men han er ærleg på at det kan bli for varmt.
– Det er litt nedtur at det no kjem regn og kalde sommardagar.
– Slik det er no med 25 grader og blå himmel er perfekt. Det blir litt varmt når det bikkar 30 varmegrader, legg han til.
Vêrskifte i heile landet
For no vil nordmenn oppleve eit vêrskifte.
– Stikkordet for vêret framover er skiftande, seier statsmeteorolog Alexander Skeltved.
Folk nyt den siste varme sommardagen på Sørenga i Oslo, men i bakgrunnen lurer mørke skyer.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKI Sør-Noreg kan folk vente seg lågtrykk den kommande veka.
Medan nordlendingane framleis kan nyte sola og temperaturar på om lag 25 grader.
Men om finvêret i nord vil vare heile sommaren er usikkert.
– Det spørst om vêret held seg resten av sommaren. No har vi omtrent ein månad igjen, så det blir spanande.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Liv Hovland
Liv er nøgd med årets sommarvarme.
Ho har bada i sjøen, og nytt å vere på stranda og ete grillmat.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Julian Nordengen og Stian Fredriksen
Opp frå Oslofjorden kom Julian Nordengen og Stian Fredriksen i fullt dykkarutstyr.
Dei jobbar i brannvesenet og har nytta sommardagen til ei øving.
Julian og Stian er raske med å få av seg utstyret, ettersom våtdrakta blir god og varm på land.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Marius Kirkenes
Dykkeleiar Marius Kirkenes synest det er synd at vêret skal snu.
– Bruk kvar soldag for alt det er verdt. Nyt vatnet, men ver varsame.
Kirkenes kan bekrefte at uniforma blir varm i høge temperaturar, men at dei har klede for alle anledningar.
– Er det ein ting vi toler så er det varme.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Ann Kristin Førde
Til vanleg bur ho i Bergen, men no er ho på besøk i hovudstaden for å sjå sonen spele under Norway Cup.
Ann Kristin ønsker vêrskiftet velkommen.
– Denne varmen er ikkje for alle. Det er unaturleg varmt, så det kan fint bli litt kaldare.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Kjell Hovland
– Det blir litt enklare å gå på jobb når det er litt kaldare. Vi får vere tilfreds med den sommaren vi har hatt.
Kjell håpar på ein fin haust med lite regn, men er nøgd med sommarvêret som har vore.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Daniel Førde Espevoll
Daniel trur det vil bli deilig med lågare temperaturar.
– Det har vore litt varmt. Eg plar å få vondt i hovudet.
Sol er lik lykke
Men er det innafor å ønske seg dårlegare vêr i Noreg?
Professor i psykologi Jan Egil Stubberud forklarer i ein e-post til NRK at nordmenn har eit «slags kollektivt narrativ om at sol = lykke».
– Etter lange vintrar og mørke skal vi «ta igjen» lyset. Då blir det nesten ein plikt å nyte det. Det skapar forventningar.
Mange kjenner på eit press om å måtte utnytte sola og varme dagar.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKProfessoren forklarar vidare at det å ønske seg dårleg vêr kan tolkast som å vere utakksam – som om du banner i sommarsola.
– Vi menneske er flokkdyr og justerer oss etter det vi oppfattar som «normalt», forklarer Stubberud.
– Når den kulturelle forteljinga seier at sol er bra og regn er dumt, kan ein begynne å tvile på eigne preferansar, særleg viss dei går på tvers av fellesskapet sine.
Ser fram til kjøligare dagar
Lea Sjørlie har opplevd å få reaksjonar på å seie høgt at ho ser fram til kjøligare sommardagar.
– Det er veldig norsk å måtte vere glad for at det er varmt. Men det er mange som ikkje synest det er komfortabelt å vere i varmen.
Sjølv har ho hatt problem med å få sove i varmen.
– Det har vore forferdeleg å sove, noko som har vore slitsamt. Å få betre søvnkvalitet ser eg fram til.
Lea Sjørlie har hatt dårleg søvnkvalitet i varmen.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKVêrskiftet gir betre søvn
Om du også har hatt problem med nattesøvnen dei siste vekene, har psykologiprofessoren eit gladnyhende.
– Kroppen treng å senke sin temperatur for å sovne og oppretthalde djup søvn. Kjøligare vêr kan gjere det lettare å regulere kroppstemperaturen, og dermed falle i søvn raskare, forklarar Stubberud.
– Det er lik betre søvn.
Kva som er den beste temperaturen å sove i varierer frå person til person. Ifølge Stubberud er optimal sovetemperatur rundt 15,5 til 21 grader.
Derfor blir Europa varmere
Hetebølgene i Europa kommer oftere, varer lengre, og når høyere temperaturer enn før.
Forskerne er nå tydelige på at dette i stor grad skyldes menneskeskapte klimagassutslipp.
Sveip for å lese mer om hvordan sommerne har endret seg, og hva vi kan gjøre med det.
AP
Så mye varmere har det blitt
Sannsynligheten for hetebølger i verden er nesten tre ganger så stor nå, som den var før den industrielle revolusjonen.
Store deler av Europa har de siste årene hatt makstemperaturer rundt 10 grader varmere enn normalt.
AP
Hver grad teller
Forskere har studert menneskers påvirkning på klimaet siden tidlig 1900-tall, og bevisene har blitt sterkere siden. Likevel har verdens utslipp fortsatt å øke.
Dersom den globale oppvarmingen når 2 grader, vil antallet hetebølger i verden trolig doble seg fra dagens nivå. 4 graders oppvarming kan doble antallet hetebølger enda en gang, ifølge FNs klimapanel.
Men nå skjer det noe.
AP
Finnes det håp?
Det kan hende verden omsider har nådd utslippstoppen. Jo mindre klimagasser vi slipper ut, jo mindre vil disse endringene fortsette å eskalere.
Mange storbyer har også blitt flinkere til å håndtere hetebølger. Slike tiltak har allerede gjort at færre dør av heten, enn de ellers ville gjort.
Publisert 29.07.2025, kl. 15.55