Her vil Forsvaret øve på dronekrig

1 hour ago 1



Forsvaret har sendt ein søknad til Luftfartstilsynet om å kunne stenge delar av luftrommet 17 stader i Noreg.

Det ber dei om, slik at dei kan intensivere dronetreninga.

Eitt av områda dei vil stenge, går innanfor grensa til Dovrefjell Nasjonalpark.

Det får Naturvernforbundet til å reagere.

Delar av området ligg i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

– Vi kan forstå at Forsvaret har behov for faste øvingsområde, men vi stiller spørsmålsteikn ved om det faktisk er nødvendig å bruke verneområde til dette, seier Rebecca Biong, fagrådsgjevar i Naturvernforbundet.

Les svaret frå Forsvaret lengre ned i artikkelen.

Naturvernforbundet: – Terskelen bør vere høg

Å fly drone i ein nasjonalpark er i utgangspunktet ikkje lov.

– Nasjonalparkar og andre verneområde skal vere fristader, både for alle dyra som lever der og for turgåarar, seier Biong.

– Eit av formåla med vern, er å sikre ei uforstyrra oppleving av naturen.

Rebecca Biong

Rebecca Biong, fagrådsgjevar i Naturvernforbundet stiller spørsmålsteikn til om det er nødvendig for Forsvare å øve på dronekrig innanfor nasjonalparkgrensa.

Foto: Naturvernforbundet

Ho trekk mellom anna fram villreinen som lever i Dovrefjell. Villreinen er blant dei mest unike ville dyra i Noreg i dag, og står på raudlista.

– Vi meiner terskelen bør vere høg når det kjem til å gje dispensasjon i verneområda, og meiner at mange andre område bør kome høgare opp på lista enn våre verdifulle nasjonalparkar.

Prinsipielt ikkje ønskeleg

Sjølv om det ikkje er lov å fly drone i nasjonalparkar, kan ein søke til nasjonalparkstyret om unntak frå lova.

Dovrefjell nasjonalparkstyre har tidlegare gjeve løyve for droneflyging i samband med beitedrift, forsking og TV-innspeling.

Til dømes søkte NRK i juni 2023 om løyve til å fly drone i Dovrefjell nasjonalpark i samband med innspeling av naturprogrammet «Monsen og nasjonalparkane».

Monsen vandrar inn i mytar om mot og heltedådar i Dovregubbens rike, men Teddy byr på den største utfordringa under deira første store tur saman.

Eirin Berge er nasjonalparkforvaltar i Dovrefjell nasjonalparkstyre. Ho er ikkje kjend med Forsvaret sin søknad til Luftfartstilsynet.

Ho kjenner difor ikkje til kva nasjonalparkstyret meiner om Forsvarets ønske, då saka ikkje har blitt diskutert der.

Ho fortel at Dovrefjell nasjonalparkstyre tidlegare har sagt i ei anna sak frå 2020, at det prinsipielt ikkje er ønskeleg med militær øvingsverksemd i verneområda.

– Slik styret oppfatta det i 2020, var det einigheit mellom verne- og forsvarsstyremakter på departementsnivå om dette, seier Berge.

Den gong handla det i hovudsak om motorferdsel.

Utsikt mot Dovrefjell nasjonalpark fra Fokstugu

Innover i dette området, ved Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, har Forsvaret søkt om å få stenge av luftrommet til dronetrening. Eivind Byre i Luftforsvaret forklarar at det er fordi luftrommet er bygd opp i sektorar, der den eine strekk seg innover i nasjonalparken.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Vesentleg samfunnsinteresse

Lova kan opne for at Forsvaret kan bruke områda i nasjonalparken til droneflyging.

For det kan vere såkalla «vesentleg samfunnsinteresse», forklarar Terje Qvam, seksjonsleiar i Miljødirektoratet.

En drone som flyr mellom trær

Dronar har blitt heilt avgjerande i moderne krigføring.

Foto: Kristian Kapelrud / Forsvaret

– For at det skal vere snakk om ein vesentleg samfunnsinteresse, må den ha nasjonal betydning. Det er eit krav om at aktiviteten ikkje kan skje utanfor verneområde.

Qvam forklarar at dronar kan føre til auka forstyrring av sårbart dyreliv, og slik sett ha negative effektar på ivaretaking av naturverdiane i verneområda.

Han legg til at dei samstundes ser at dronar i nokre tilfelle kan erstatte motorferdsel med større negative konsekvensar.

Kan unngå uønskte hendingar

Invasjonen av Ukraina har endra moderne krigføring.

I dag står dronar bak rundt 70 prosent av alle tapa på slagmarka, ifølgje forsvarsminister Tore O. Sandvik.

Samstundes har norske soldatar fått lite trening i bruken av dronar, ifølgje Nettavisen. Årsaka er ifølgje avisa mellom anna eit stivbeint og strengt regelverk.

I søknaden til Forsvaret kjem det fram at Forsvarets bruk av ubemanna system er aukande.

en mann som står i snøen ved siden av et par militære kjøretøy

Forsvaret vil stenge delar av luftrommet fleire stader i Noreg for å kunne øve på dronekrig. Eit av områda går innanfor Dovrefjell nasjonalpark.

Foto: Heiko Junge / NTB

I tillegg har dei registrert fleire hendingar der sivil lufttrafikk har vore inne i, eller på veg inn i, område der Forsvaret opererer med ubemanna luftfartøy.

Ved å opprette restriksjonsområde, kan ein redusere sannsynet for at slike uønskte hendingar oppstår.

Om søknaden blir godkjent, vil Forsvaret kunne reservere område til dronetrening så seint som dagen før.

Det er viktig mellom anna med tanke på vêrmeldingar, tilgjengeleg materiell og mannskap, står det i søknaden.

En norsk instruktør følger med på skjermen hvor og hvordan ukraineren flyr drone.

Dronar vert stadig viktigare i moderne forsvar, både til støtte og overvaking. Her frå operasjon Gungne der det norske heimevernet kursa ukrainske soldatar.

Foto: Kristian Kapelrud / Forsvaret

Når områda er aktive, er all flyging forbode for andre.

I høyringsnotatet frå Luftfartstilsynet kjem det fram at Forsvaret allereie øver i mange av desse områda.

– Reserverte område vil bidra til auka flytryggleik gjennom at luftrommet blir avgrensa når Forsvaret gjennomfører sin aktivitet. Vidare vil områda bidra til at Forsvaret får operere uforstyrra, skriv tilsynet i høyringsnotatet.

Dei trekk likevel fram at å stenge av delar av luftrommet er prinsipielt utfordrande fordi luftrommet i utgangspunktet er fritt til bruk for alle.

Forsvaret: – Vi skal følgje verneforskrifta

Eivind Byre, kommunikasjonssjef i Luftforsvaret, skriv i ein e-post til NRK at Forsvaret søker om luftrom for å kunne skilje dronar frå bemanna luftfart.

Han presiserer skiljet mellom eit luftrom og verneområde på bakken.

– Luftrommet handlar om flytryggleik, om å skilje bemanna frå ubemanna trafikk. At luftrommet strekk seg noko inn over nasjonalparken, gjev ingen høve til å operere i strid med gjeldande reglar.

– Vi skal følgje verneforskrifta. Søknaden om luftrom gjev ikkje fritak frå dette. Det har vi heller ikkje bedt om.

Eivind Byre. Oberstløytnant.
Kommunikasjonssjef i Luftforsvaret.

Eivind Byre, oberstløytnant og kommunikasjonssjef i Luftforsvaret.

Foto: Forsvaret

Han strekar under at Forsvaret ikkje søker dispensasjon frå verneforskriftene.

Årsaka til at dei søker om luftrom over nasjonalparken, går på korleis luftrommet i Noreg er bygd opp i ulike sektorar, forklarar han.

– Denne sektoren strekk seg noko over verneområdet, men det fritar oss ikkje for brot på verneforskrifta. Forsvaret søker om luftrom, ikkje dispensasjon for aktivitet i verneområde.

Heimevernets skule- og kompetansesenter på Dombås

På Dombås ligg Heimevernets skule- og kompetansesenter. Dei har mellom anna ansvar for droneutvikling, difor er det viktig for Forsvaret å kunne øve i området.

Foto: Ruth Barsten / NRK

– Vi skal ikkje drive aktivitet i nasjonalparken som bryt verneforskriftene. Det har heller aldri vore meininga med søknaden, skriv Byre.

– Øvinga skal ikkje skje på kostnad av nasjonalparken eller gje brot på verneforskriftene.

Publisert 01.09.2025, kl. 13.53

Read Entire Article