Meiningsmålingar: Fleirtalet av ameri­kanarane meiner Trump har gått for langt

8 hours ago 4



– Det er tåpeleg. Halve Amerika tenker «kva er det du gjer»? Kvifor fornærma andre land?, seier Nancy Jocelyn.

Ho går ein tur langs strandkanten på ferieøya South Padre Island sør i delstaten Texas.

Strandkanten ved South Padre Island i Texas i USA. Det er nokon solsenger til høgre i bildet, havet til venstre og vêret er lett skya med sol.

South Parade Island ligg like ved grensa til Mexico, i Mexicogolfen.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

Øya ligg ved breidda av eit havområde det har vore mykje politisk strid om dei siste dagane.

Endra namn på Mexicogolfen

USAs president Donald Trump har nemleg endra namnet på Mexicogolfen til Amerikagulfen.

Meiningane er delte.

– Eg synest det er ein fantastisk idé. Det er bra for Amerika. Han gjer ein fenomenal jobb, seier ein av dei NRK møter på stranda med namn John.

Ein mann med solhatt og solbriller sit i ein campingstol på stranda med ei bok i handa. Bildet er tatt på ei strand på South Padre Island i delstaten Texas i USA.

John synest det er ein fantastisk idé at Trump kallar Mexicogolfen for «Amerikagulfen».

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

– Fleire folk vil koma for å besøka oss, fordi dei ikkje liker samtalane om kriminaliteten i Mexico, seier strandgåaren Bruce Halmstead.

– Eg synest det er ein veldig dum ting, det han gjer, seier Marcos Solis, ein yngre kar på stranda.

Ung mann og kvinne poserer føre kamera på ei strand på South Padre Island i delstaten Texas i USA. Begge smiler. Kvinna har på seg solbriller.

Marcos Solis er ikkje nøgd med Donald Trump. Her samans med Axira Carmona.

Foto: Tove Bjørgaas / NRK

– Eg føler han ønsker å skapa ei frykt for ei annan nasjon, slik at han ved det kan gjera kva han ønsker å gjera, utdjupar han.

Skifte på meiningsmålingane

Trump sin andre presidentperiode har nå vart i ein månad, og allereie er det observert eit skifte i haldningane hos folket hans.

For første gong denne perioden viser meiningsmålingane at fleirtalet av amerikanarane ikkje godkjenner arbeidet presidenten gjer.

Både på målingane til Gallup, avisa Washington Post, nyheitsbyrået Reuters, kringkastaren CNN og Quinnipiac University er fleirtalet nå ikkje nøgd med arbeidet til Trump-administrasjonen.

musk og trump i det hvite hus

55 prosent av dei spurte synest Elon Musk har fått for mykje makt i USA. Her samans med Donald Trump og sonen sin i Det ovale kontor i Washington, D.C.

Foto: JIM WATSON / AFP / NTB

På målinga til Gallup ligg Trump 15 prosentpoeng under det tidlegare presidentar har fått på februarmålinga. Målingane starta i 1953.

57 prosent av dei spurte i Washington Post si måling meiner Trump har gått utover sin autoritet som president.

På Reuter si måling er fleire misnøgde med handteringa av økonomien.

Universitetet Quinnipiac si måling viser at 55 prosent av dei spurte synest Elon Musk har fått for mykje makt, medan 36 prosent synest det er passande.

Republikanarane er generelt meir positive til Trump enn Demokratane, som er meir misnøgde enn befolkninga samla sett.

Nyheitsbyrå utestengd

Det internasjonale nyheitsbyrået Associated Press (AP) er blitt utestengd frå å dekka hendingar der Trump er til stades.

Fredag kom nyheita om at AP saksøker tre tilsette i Trump-administrasjonen for å nekta nyheitsbyrået tilgang til arrangement.

USAs president Donald Trump sittende bak pulten i Det ovale kontor, mens han ser på et kart hvor det står "Amerikagulfen"

AP kallar Mexicogolfen for «Mexicogolfen». Det likar ikkje Trump-administrasjonen.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB

Årsaka er at dei bruker namnet Mexicogolfen i staden for Amerikagulfen om havområdet USA og Mexico deler mellom seg.

– Ingen har rett til å gå inn på det ovale kontor og spør presidenten spørsmål, sa pressesekretæren i Det kvite hus, Karoline Leavitt.

USAs første grunnlovstillegg seier at Kongressen ikkje kan innføra lover som går på kostnad av mellom anna ytringsfridommen og pressefridommen.

Fleire kontroversar

Namneendringa på Mexicogolfen er berre ein av fleire kontroversar Trump står i.

Onsdag denne veka kalla Trump den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj for ein diktator.

Trump sa også at det var Ukraina som starta krigen, og ikkje Russland. Dette er feil, og begge utsegna er kritisert frå fleire hald, inkludert Trumps tidlegare visepresident Mike Pence.

Natt til laurdag vart det også kjend at Trump sparkar forsvarssjefen i USA, Charles Q. Brown.

Publisert 22.02.2025, kl. 21.55

Read Entire Article