Regjeringa vil gje norske kommunar moglegheita til å innføre eit kommunalt besøksbidrag – også omtalt som turistskatt.
I november i fjor la næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) fram forslag om å innføre ein turistskatt for å handtere den aukande turismen til norske kommunar.
No følgjer regjeringa opp med eit lovforslag. Forslaget går ut på at kommunar skal kunne legge på ei avgift for alle overnattingsturistar. Avgifta vil vere på opptil 3 prosent.
Det skal vere frivillig for kommunane om dei ynskjer å innføre besøksbidraget, og det vil gjelde all overnatting mot betaling, inkludert hotell, camping og Airbnb.
Men først må Stortinget behandle lovforslaget.
– Kommunar kan sesongjustere turistskatten
Dei siste åra har Noreg blitt eit stadig meir populært reisemål. Ifølge regjeringa blei 2024 eit rekordår for norske overnattingsverksemder med over 38 millionar besøkande.
Fleire opplever problem med turistar som bæsjar i hagane deira, og i Lofoten er folk redde når turistar set seg bak rattet.
Lovforslaget om turistskatt som vart sendt på offentleg høyring før jul, vekka stort engasjement. Totalt mottok departementet i underkant av 400 høyringsinnspel.
I forslaget regjeringa no kjem med, har dei nedjustert frå 5 prosent til 3 prosent etter innspela i høyringsrunden.
Dersom eit hotellrom kostar 1500 kroner, vil det vere 45 kroner å betale for fellesgoda.
– I Tromsø kostar kanskje ein øl 130 kroner. Dette er då ein tredjedel av prisen på ein øl, så eg tenkjer at dette skal vi kunne leve heilt fint med. Særleg lokalbefolkninga, som treng at dei som kjem på besøk også bidreg til fellesgoda som elles lokalbefolkninga må betale aleine, seier Myrseth til NRK.
Det vil vere mogleg for kommunane å sesongjustere besøksbidraget.
– Det er ikkje slik at vi har heilårsturisme i heile landet, men nokre plassar er det delar av året som er særleg krevjande der utgiftene som innbyggjarane må betale for er særleg høge, seier næringsministeren.
Motstand frå fleire hald
Senterpartiet har sagt blankt nei til regjeringa sin turistskatt, som dei meiner vil råke breitt og ukritisk over heile landet. Frå før av har både Høgre, Frp og Venstre avvist dette forslaget.
– Vi veit at vi har eit mindretal i Stortinget i dag. No har vi lagt vårt forslag på bordet, og så får vi ta resten i Stortinget, seier Myrseth.
I Geiranger har dei i fleire år teke til orde for å innføre turistskatt for å handtere turiststraumen. Dei ynskjer å ha moglegheita til å setje avgift på dagsbesøk.
Mona Mjelva og mannen driv Hotel Union Geiranger. Ho er ikkje særleg imponert over forslaget regjeringa la fram torsdag.
– Dette skulle vere ei ordning som ein skulle velje ut pressområde. Dette skulle ikkje vere ei ordning for heile Noreg. Dette er eit forslag som ikkje kan gå gjennom, sier ho.
NHO reiseliv er bekymra. Uroa i verda, med tollsatsar som stadig endrar seg, vil råke næringslivet hardt.
For å vinne konkurransen om turistane framover, må turistskatten droppast, meiner NHO-direktøren.
– No er vi i ein veldig alvorleg situasjon. Å innføre turistskatten no er i alle fall galskap, sa administrerande direktør, Kristin Krohn Devold til NRK tidlegare denne veka.
Kommunar kan samarbeide
Over 20 europeiske land har allereie innført besøksbidrag.
Næringsministeren trur ikkje ordninga vil passe for alle norske kommunar:
– Det er ikkje ei ordning som eg tippar vil vere for alle kommunar i landet. Dette er på dei pressområda som treng å byggje og sikre tillit mellom lokalbefolkning og turisme.
Det vil bli stilt krav til norske kommunar som vel å innføre turistskatten.
– Det må vere ein plan frå kommunane som må vere vedteken i ei lokal forskrift. Det må også vere dialog med næringslivet i kommunane om korleis ein skal bruke desse pengane, seier Myrseth.
Ho seier også at det vil vere mogleg å samarbeide på tvers av kommunar i dei regionane der ein har felles destinasjon.
Innføring av eit kommunalt besøksbidrag på overnatting, er første fase av regjeringa sitt besøksbidragsprosjekt. I fase to vil departementet greie ut besøksbidrag frå cruiseverksemd, med mål om å innføre dette.
Publisert 10.04.2025, kl. 11.45 Oppdatert 10.04.2025, kl. 12.05