– Dette er gledeleg, etter fleire år med aukande dødelegheit i oppdrettsmerdane.
Ingunn Sommerset i Veterinærinstituttet seier det er gledeleg at dødelegheita i oppdrettsmerdane har gått ned.
Foto: Leif Rune Løland / NRKDet seier Ingunn Sommerset, som er avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet.
– Tala viser at oppgangen vi har hatt i dødelegheit dei siste åra heldigvis ikkje fortsette i 2024. Om dette er starten på ein ny trend, er det for tidleg å seie, men vi ser at mange oppdrettarar jobbar målretta med ulike strategiar for å få betre fiskehelse og fiskevelferd, seier Sommerset.
I dei ulike delane av oppdretts-Noreg ser tala slik ut:
Antal og andel død fisk
NRK fortalde tidlegare denne månaden at færre oppdrettsfisk døydde i fjor enn året før – også i Vestland – «verstingfylket» med høgast dødelegheit i oppdrettsmerdane.
Nasjonalt gjekk antal død fisk markert ned, frå 65 millionar i 2023 til 60 millionar i 2024. Vestland åleine hadde 4 millionar færre død fisk enn året før.
– Me kan håpa at det er byrjinga på ein trend, sa regionsjef Krister Hoaas i Havbruk Vest, Sjømat Noreg.
Regionsjef Krister Hoaas i Havbruk Vest, Sjømat Noreg. Han tok NRK med til eit av anlegga til selskapet Lingalaks, som midt i «problemområdet» Vestland har hatt blant landets desidert lågaste dødelegheit.
Foto: Leif Rune Løland / NRKMen det var ei viktig usikkerheit i dei positive tala: Rett nok hadde dødstala gått ned, men det hadde også det totale talet på fisk i oppdrettsanlegga i fjor.
Og antal død fisk er noko anna enn dødelegheita – altså andelen fisk som døyr før slakting.
Kor stor prosentdel oppdrettsfisk som døydde, var ikkje rekna ut. Og det reknestykket er ganske så komplisert:
15,4 prosent av laksen døydde
Men i dag har Veterinærinstituttet fasiten klar:
I 2024 døydde 15,4 prosent av laksen i norske oppdrettsanlegg, samla sett. I 2023 var talet 16,7 prosent.
– Det er første året det går litt tilbake. Vi håper at dette skal vare ved, seier Sommerset.
Den største nedgangen i dødelegheit i fjor hadde Ryfylke i Rogaland: 12,2 prosent i 2024, mot 22,4 i 2023.
Sommerset meiner likevel at den viktigaste nedgangen kom i området litt lenger nord, i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. Der er både totalproduksjonen og utfordringane med sjukdom og villaks langt større. I 2024 var dødelegheita 17,5 prosent, mot 25,7 prosent i 2023.
– Det er lenge sidan det har vore ein såpass nedgang i vestlandsfylka, seier Sommerset.
Men ho minner om at regjeringa nyleg sette eit mål om berre 5 prosent dødelegheit i norske oppdrettsmerdar.
– Så det er ein veg å gå, men det er iallfall første steg på vegen, at det er nedgang, seier Sommerset.
NRK var på tur med selskapet Lingalaks.
Foto: Leif Rune Løland / NRKDødelegheit på 22,4 prosent
Området Nordmøre og Sør-Trøndelag hadde høgast dødelegheit med 22,4 prosent, opp frå 16,3 prosent i 2023.
I området frå Nordhordland til Stad var dødelegheita 20,2 prosent, litt opp frå året før.
Produksjonsområda i Nord-Noreg har stort sett litt redusert dødelegheit, med to unntak med svak oppgang.
Talet på døde oppdrettslaks i sjøfasen i 2024 var 57,8 millionar. Det er ein nedgang frå 62,8 millionar i 2023. Dette er likevel høgare tal død laks enn i 2022, opplyser Veterinærinstituttet.
Publisert 18.02.2025, kl. 07.01 Oppdatert 18.02.2025, kl. 07.09