Sommartrafikken 2025:
Kraftig auke i førarkortbeslag i området der flest mista livet. Vegvesenet varslar nye tiltak.

Saken oppsummert
- Sommeren 2025 var preget av en økning i dødsulykker på norske veier.
- Totalt 48 personer mistet livet, 16 flere enn året før.
- Vestland og Innlandet fylker har hatt flest dødsfall i år, med 13 omkomne hver.
- Vegvesenet planlegger nye tiltak for å forbedre trafikksikkerheten.
Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister. Les om hvordan vi jobber med KI
Sommarens ulukkesstatistikk er grim lesnad for alle som er opptekne av trafikktryggleik.
Totalt mista 48 personar livet på norske vegar i juni, juli og august. Det er særleg tre ting å notere seg ved det talet:
Det er 16 fleire enn i fjor sommar.
Det er langt høgare enn «sommarsnittet» på 35 omkomne siste ti år.
Sidan 2015 har vi berre hatt to somrar der talet på omkomne har passert 40. Det var i 2016 og 2022.
– Det har vore ein utfordrande sommar med veldig mange dødsulukker. Mange familiar og nabolag har mista nokon dei var glade i. Det er menneske bak desse tala, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Fleire mistar lappen
Særleg i Vestland og Innlandet fylke har det vore ei auke i dødsfall på vegane i 2025, ifølgje Vegvesenet.
Begge fylke har 13 omkomne til no i år.
– I Vestland var nesten alle dødsulukkene utforkøyringar med motorsykkel eller bil, skriv Vegvesenet i pressemeldinga.
Men det er ikkje berre Vegvesenet som oppsummer sommarmånadane på septembers første dag.
Også Utrykkingspolitiet har tal å dela. På Vestlandet, der det eine fylket altså skil seg negativt ut på dødsstatistikken, har det gått fort i sommar.

– Det har vore ei kraftig auke i førarkortbeslag. Det kan ikkje brukast som forklaring på at det blir køyrd hardare, for resultata vil variere, seier regionsjef Eivind Hellesund i UP Vest.
Uansett, 332 sjåførar har mista lappen i Vest og Sør-Vest politidistrikt i sommar. Det er ei auke på 11 prosent frå i fjor.
Sommaraksjonen 2025 i UP Vest
- 332 førerkortbeslag, mot 299 i 2024, økning på 11 %
- 6069 forenklede forelegg for fart, mot 5859 i 2024, økning på 4 %
- 199 anmeldelser for ruskjøring, mot 184 i 2024, økning på 8 %
For politidistriktene fordeler det seg slik:
Vest pd
- 200 førerkortbeslag (124 i Hordaland og 76 i Sogn & Fjordane, her ble fleste tatt av patruljen i indre Sogn samt patruljen i Nordfjord)
- 3404 forenklede forelegg (2388 i Hordaland og 1016 i Sogn & Fjordane)
- 136 anmeldelser for ruskjøring (108 i Hordaland og 28 i Sogn & Fjordane)
Sør-Vest pd
- 132 førerkortbeslag (61 i Rogaland og 71 på Haugalandet)
- 2665 forenklede forelegg for fart (1356 i Rogaland og 1309 på Haugalandet)
- 63 anmeldelser for ruskjøring (46 i Rogaland og 17 på Haugalandet)
Distrikta dekkjer Rogaland og Vestland, der vegar som E16, E39, E134 og RV7 er sentrale ferdselsårer.

Bekymret for utviklingen: – Forferdelig trist
– Med vilje
Hellesund ramsar opp fleire årsaker til den «kraftige auken» i førarkortbeslag i hans distrikt.
Dei fekk ny lasermålar i 2024. Den gjer at dei kan flytte seg raskare frå stad og stad, og det er blitt lettare å måle farten på motorsyklar.
– Vi tenkjer også at fleire elbilar i familiebil-storleik kan ha hatt noko å seie. Der ein tidlegare høyrde lyden av motor og drivverk, så flyt dei nærast av garde og det er raskare respons når ein gir gass, seier Hellesund, før han legg til:
– Til sist trur vi diverre at ein del, med viten og vilje, vel å køyre for fort.
Høgste fart som UP Vest målte i sommar er det ein motorsyklist i 20-åra som får den tvilsame æra å vera innehavar av.
Han vart tatt i heile 192 km/t i ei 70-sone i Arna i Bergen.
– Seinast denne helga politimelde vi ein mann i 30-åra som heldt 167 km/t i 70-sone og ein mann i 20-åra som køyrde i 100 km/t i 50-sone i Os. Begge med bil. Dette er hastigheiter som blir køyrd heilt medviten, der dei utset seg sjølv og andre for høg risiko.
Dette vil dei gjera
Mange av dødsulukkene i sommar er framleis under etterforsking. Årsaka til ulukkene er difor ikkje avklart i fleire av sakene.
Vegvesenet seier dei jobbar med ein ny tiltaksplan for trafikktryggleik.
Den skal på høyring om ein månad. I denne planen kjem det nye tiltak for å løyse «utfordringane med ungdom, MC og fart».

– Særleg er vi uroa for det aukande talet på utforkøyringar som vi har sett i sommar. I slike tilfelle betyr det ofte at sjåføren har køyrd for fort, ikkje køyrer etter forholda eller køyrer over eigen evne, seier Ranes i Vegvesenet.
Ho legg til at dei også vil sjå på utforminga av vegane og korleis dei kan sikrast for å forhindre ulukker og redusere skadeomfanget når det først skjer.