– Fortvilande, seier sauebonde Morten Sydtveit.
Hendinga på Kyrkjebygdheia i Nissedal måndag sist veke er langt frå unik.
Dagen etter skal lause hundar ha jaga fleire sauer på sjøen ved Gåsfjorden i Sortland kommune.
Fleire sauer blei jaga på sjøen i Sortland denne veka. Dyra på bilete tilhøyrer den same flokken, men heldt seg heldigvis på land.
Foto: PolitietHundane opplever det gjerne som leik.
For sauene blir det blodig alvor.
Årleg blir det dokumentert at rundt 200 sauer blir skadde eller blir drepne av lause hundar i Noreg.
Det reelle talet kan vere vesentleg høgare.
– Her er det store mørketal. Det er mange angrep som aldri blir varsla eller oppdaga, seier Borghild Hillestad, leiar i Norsk sau og geit (NSG).
No ber ho organisasjonen innstendig om at hundeeigarar respekterer reglane om bandtvang.
– Skjer gong på gong
Morten Sydtveit har drive fleire år som sauebonde i Tørdal i Telemark, og eig i dag rundt 250 dyr.
Han har opplevd det same fleire gonger.
Lause hundar bit eller jagar dyra hans på beite, slik at dei enten dør på staden, eller blir gåande med skadar over tid.
Morten Sydtveit har mista både lam og sau som følge av lause hundar.
Foto: Privat– Eg har fleire eksempel på dyr som er bitne av hund og blir gåande med flugemark. Då går dei med store smerter, før dei til slutt døyr. Det er forferdeleg og brutalt, sukkar han.
Sydtveit opplever at problemet berre blir større.
– Det skjer gong på gong. Det blir jo berre fleire hytter, og sauene trekker dit. Dei kjenner ikkje akkurat tomtegrensene.
Nokre hundeeigarar varslar bøndene når hundane deira har gått til angrep.
Andre gir blaffen, seier bonden.
Sydtveit har meldt nokre av tilfella, og blant anna møtt hundeeigarar i forliksrådet.
– Ein må jo sende ei rekning. Det går sjølvsagt utover produksjonen, seier han.
Sauer på beite i Tørdal.
Foto: Fredrik Pedersen / NRKDen siste hendinga har sauebonden valt å ikkje melde, sidan eigaren straks varsla om det som hadde skjedd.
Nå oppfordrar han folk til å tenke seg betre om.
– Det er ein uting. Det må kraftig skjerping til.
Karl Gunnar Bø er leiar i det lokale beitelaget: – Det gjeld ikkje berre store hundar, men like gjerne dei som er små og søte. Sau og lam lèt seg jage uansett.
Foto: Fredrik Pedersen / NRKBer folk tenke seg om
Borghild Hillestad i NSG seier problemet er ei stor belastning for bøndene som driv med sau.
Både økonomisk og emosjonelt.
Borghild Hillestad, leiar i Norsk sau og geit.
Foto: Privat– Det er ikkje noko moro å finne hjelpelause dyr med bitskadar eller at dei har døydd i panikk etter å ha blitt jaga. Samtidig er det ofte vanskeleg å finne fram til hundeeigaren, seier ho.
Bodskapen til hundeeigarar er lett og tydeleg.
– Bandtvang. Sjølv om hundar kan vere snille, lydige og godt trena, så har dei eit jaktinstinkt som kan bli utløyst, understrekar Hillestad.
Etterlyser fleire friområde
I utgangspunktet er det bandtvang for hundar i Noreg frå 1. april til og med 20. august.
Norsk kennelklubb (NKK) støttar reglane for bandtvang, og oppfordrar medlemmene sine til å følge dei.
Marie Gjerde Rolandsen, kommunikasjonsrådgivar i NKK.
Foto: Kolonihaven– Vi har inntrykk av at dette er noko eigarane forstår og respekterer, seier Marie Gjerde Rolandsen. Ho er kommunikasjonsrådgivar i NKK.
Samtidig meiner organisasjonen at norske kommunar framleis har ein lang veg å gå når det gjeld å legge til rette for at hundar har eigne område der dei kan springe fritt.
Hunder flest oppfører seg, men løper de fritt kan det være vanskelig å vite hva de finner på i møte med beitedyr.
Foto: NRK– Også hundar har behov for å kunne bevege seg naturleg gjennom heile året. Om det skal ha noka hensikt må det vere eit større område med innhegning der hundane kan springe fritt- og aller helst utan grus og asfalt, seier ho.
Hei!
Jeg har skrevet denne saken.
Har du tips eller innspill?
Kanskje det finnes andre temaer du mener jeg burde se nærmere på?
Send meg gjerne en e-post.
Publisert 14.07.2025, kl. 11.32