Gravid og sjukemeldt: – Eg skulle ønskje eg heldt ut litt lenger

6 hours ago 5



Trinelise Richmond Hovde frå Kristiansund er gravid i veke 36 og blei sjukemeldt for tre veker sidan.

Ho er ein del av statistikken som viser at nesten 23 prosent av alle gravide i Noreg blir sjukemelde i løpet av svangerskapet.

– Eg må vere ærleg og seie at det kjennest som ein liten nedtur at eg ikkje klarte dei siste vekene. Eg skulle ønskje eg kunne halde ut litt til, seier ho.

Etter at sjeflegen i Nav i eit VG-intervju uttrykte uro over at stadig fleire gravide blir sjukemelde, har debatten gått varm i sosiale medium.

Mange gravide opplevde at ho skulda dei for å sjukemelde seg for lett.

Møtt med forståing

Hovde seier ho blei møtt med forståing og omsorg på jobben. Ho fekk ein anna stol, ekstra pausar og hadde ei leiar som sa at ho ikkje måtte presse seg for hardt.

– Men det kom til eit punkt der eg verken klarte å prestere på jobb eller vere til stades heime. Då skjønte eg at det var nok.

en gravid dame som holder en kopp rundt i huset

Trinelise Richmond Hovde er no heime mens ho ventar på at babyen kjem.

Foto: Tobias Folland Tennøy / NRK

Skrekkhistorier frå arbeidslivet

Arbeidslivsinfluenser Fredrik Fornes har delt fleire historier på Instagram frå kvinner som har opplevd diskriminering og manglande tilrettelegging på jobb under graviditeten.

– Det er ikkje dei gravide kvinnene som er problemet, det er arbeidslivet, seier Fornes.

Han peiker på dårleg tilrettelegging, mangel på forståing og ein kultur der graviditet blir sett på som eit forstyrrande element.

en mann med armene i kors

– Gravide er ein ressurs, ikkje eit problem. Det er på høg tid at vi byrjar å behandle dei som det, seier Fredrik Fornes.

Foto: Bendik Raaen Mansika

Vil flytte ansvaret bort frå den gravide

Manglande tilrettelegging går igjen i mange av historiene – og det var nettopp dette sjeflegen i Nav seier ho eigentleg ville sette søkelys på då ho kalla sjukefråværet blant gravide eit samfunnsproblem:

– Eg ønskjer å flytte utfordringa vekk frå den enkelte gravide og opp på eit høgare nivå der alle partane med ansvar må ta grep, seier Marit Hermansen i Ukeslutt.

Ho meiner det er eit samfunnsansvar å legge betre til rette.

– Sjukemelding er ein rett, men det er òg ein viktig rett å få stå i jobb, sjølv med plager. Det handlar om å ha gode system på arbeidsplassen og individuell tilrettelegging, seier ho.

Høyr saka i Ukeslutt her:

Marit Hermansen

Marit Hermansen peikar på at det trengst betre tilrettelegging for gravide i arbeidslivet.

Forskaren: – Låg kunnskap hos leiarar

Eirin Pedersen ved Arbeidsforskningsinstituttet på Oslo Met har forska på diskriminering hos dei som skal bli foreldre. Ho seier at historiene Fornes deler, er ekstreme døme.

– Men slike leiarar finst heilt sikkert, men det er neppe svært utbreidd.

For dei som ikkje får like mykje omsorg frå sjefen sin som Hovde frå Kristiansund gjorde, handlar det ifølgje forskaren ofte ikkje om vond vilje, men heller om lite erfaring og kunnskap.

– Nokre leiarar veit rett og slett ikkje kva dei kan eller bør gjere. Andre synest det er enklare å sende den gravide ut i sjukemelding, fordi det ikkje kostar arbeidsgivaren noko ekstra – dei får rett på vikar frå dag éin, seier ho.

Eirin Pedersen ved Oslo Met

Eirin Pedersen meiner ei god samtale mellom den gravide og arbeidsgivaren ofte kan vere nok til å halde fleire i jobb lenger.

Foto: Oslo Met

NHO: – Ofte små grep som skal til

Alexander Cascio, direktør i NHO si juridiske avdeling, erkjenner at dårleg behandling av gravide skjer.

– Mykje handlar om manglande kunnskap og berøringsangst. Graviditet kan opplevast som privat, og ein kan vegre seg for å gå inn i det, seier han.

Cascio meiner tidleg dialog er nøkkelen.

– Det skal ikkje mykje til for å få ned sjukefråværet blant gravide, samanlikna med sjukefråvær generelt. Ofte kan det vere små ting som skal til, seier han.

Alexander Cascio

– Gravide representerer òg ein stor arbeidskraftressurs som det norske arbeidslivet treng, og eg trur mange gravide har eit sterkt ønske om å bidra, seier Alexander Cascio.

Foto: Moment Studio

Forskar Pedersen sitt inntrykk er at nokre kvinner opplever diskriminering meir enn andre.

– Jo yngre du er, og jo lausare tilknyting du har til arbeidslivet – til dømes med låg utdanning eller jobb i ein dårleg regulert bransje – jo oftare trur eg du blir utsett, seier ho.

Cascio meiner ikkje at det trengst ei opprydding i arbeidslivet.

– Eg trur dei aller fleste arbeidsgivarar er opptekne av å inkludere og leggje til rette. Spørsmålet er berre om dei kan nok.

Vil ikkje talfeste

Bakgrunnen for utspelet til Hermansen i VG var auken i talet på kvinner som er sjukmelde med svangerskapsrelaterte plager i første kvartal 2025.

Det samla sjukefråværet blant gravide ligg no på nesten 23 prosent – tre gongar høgare enn for andre kvinner.

– Kva bør vi få dette sjukefråværet for gravide ned til, tenkjer du, Hermansen?

– Det er vanskeleg å talfeste.

– Men dersom dette er for høgt, så har du vel ei meining om kva som er eit naturleg nivå?

– Det vil i alle fall vere høgare enn hos friske kvinner. Kvinnearbeidshelseutvalet har òg peikt på at det finst moglegheiter for å leggje til rette betre. Det viktigaste er ein kombinasjon av systematisk arbeid på arbeidsplassen og individuell tilrettelegging, seier Hermansen.

Publisert 14.07.2025, kl. 11.33

Read Entire Article