– Arne Bye frifinnast for kravet om straff og erstatning.
Det sa forsvarar Erlend Hjulstad Nilsen om det Bye skal ha gjort mot fleire av dei fornærma kvinnene på Frosta legekontor.
Bye har erkjent straffskuld for å ha valdtatt 21 av sine tidlegare pasientar og for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuell omgang mot totalt 44 av dei.
Det han har erkjent meiner forsvararane at Bye må straffast for, på mildast mogeleg måte.
– Me meiner i denne saka at Arne Bye har tilstått så mange forhold at det må gjevast ein viss strafferabatt.
Det seier forsvarar Per Ove Sørholt om kvifor dei meiner Bye skal få strafferabatt for forholda han har erkjent straffskuld for.
Forsvararane meiner Bye må frifinnast overfor dei resterande 50 fornærma. Dei han ikkje har erkjent å ha gjort noko straffbart mot.
NRK spurde Arne Bye om han ville å seie noko då forsvararane var ferdig med sin prosedyre.
– Nei, svarte Bye.
– Erfaringa til tiltalte var at denne behandlinga verka
Forsvararane har i løpet av dei siste dagane av rettssaka mot den tidlegare fastlegen i Frosta kommune, argumentert for kvifor Bye skal frifinnast overfor 50 av sine tidlegare pasientar.
Det er over halvparten av dei fornærma kvinnene.
Forsvararane argumenterer med at Bye må frifinnast for dei undersøkingane han sjølv meiner har vore medisinsk adekvat.
– Det er tiltalte sin måte å avklare det han ønsker og skal avklare i ein sånn situasjon på. Altså ikkje fortsett, sa Hjulstad Nilsen.
I tillegg meiner forsvararane at fleire av kvinnene var i stand til å motsette seg behandlinga dei fekk dersom dei hadde fått den same behandlinga av Bye ved tidlegare konsultasjonar.
– Det at ein har blitt masturbert av fastlegen sin gjev ei mogelegheit til å unngå seinare overgrep gjennom at ein ikkje går til denne legen med underlivsproblematikk meir, påpeika Sørholt.
– Det bygger eg på at ein neppe nokon gong gløymer det dersom ein har blitt masturbert av legen sin, la han til.
Men dersom Bye har gjeve ei behandling som ikkje er medisinsk adekvat og med forsett, meiner forsvararane at han må dømmast.
– Kjem retten til at handlinga er inadekvat og at tiltalte har handla med forsett er det lite som tilseier at ho er i stand til å motsette seg dette, sa Hjulstad Nilsen om ei av dei fornærma.
Forsvararane har likevel ingen innvending mot at Bye mister retten til å praktisere som lege.
– Arne Bye skal sitte i fengsel i mange år, han er frådømd stillinga si, han har inga mogelegheit til å skaffe seg noko erverv som gjer han i stand til å betale erstatningane, seier Sørholt.
Aktoratet meiner Bye må fengslast i 21 år
Aktoratet meiner Bye må dømmast for valdtekt mot 81 kvinner og misbruk av stilling overfor totalt 92 kvinner.
– Vi meiner dette er ei så omfattande og alvorleg sak at det krev lovens strengaste straff.
Det sa aktor Rikhard Haugen Lyng. Han og aktor Eli Reberg Nessimo la ned påstand om 21 år fengsel utan vilkår for Arne Bye.
Aktoratet meiner Bye planlagt og skjult det han har gjort mot dei fornærma på legekontoret.
– Planlegginga og gjennomføringsviljen som tiltalte har vist i saka vitnar om at han har hatt et fast og vedvarande forsett over lang tid, sa Nessimo.
Statsadvokat Eli Reberg Nessimo under prosedyren til Arne Bye sine forsvararar i retten.
Foto: Gorm Kallestad / NTBMen forsvararane er ueinige i fleire av vurderingane til påtalemakta.
– Når påtalemakta i sin prosedyre seier at Bye først erkjenner når han må, så er vel dette eit døme på noko anna, sa Hjulstad Nilsen. Han grunngjev dette med at det har vore ei stor sak og mykje å ta stilling til for tiltalte.
Hei!
Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?
Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit
Journalistar i NRK Trøndelag
Publisert 19.02.2025, kl. 12.13 Oppdatert 19.02.2025, kl. 12.26