– Berre på Bodø vidaregåande skule har me kring 200 fleire søkarar. Me treng å snu oss rundt kjapt og veit at busituasjonen har mykje å seie for elevane.
Det seier fylkesråd for utbygging og eigedom, Lise Henriette Rånes (H).
Ho kan no tilby 50 hyblar til elevar som skal byrje på vidaregåande skule i Bodø for fyrste gong.
Grunnen til at fylkeskommunen ynsker å stille i stand denne ordninga, er at mange vidaregåandeelevar slit med å finne gode hyblar i studentbyen Bodø.
Samtidig står fleire studentbustadar tomme fordi det er fleire som vel nettbaserte eller samlingsbaserte studium ved Nord Universitet.
Det er i sterk kontrast til dei andre store studentbyane i landet.
I Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger står totalt over 13.000 studentar i bustadkø.
– Vi ser at vi har treft godt med tilbodet, seier fylkesråd Rånes.
Fylkeskommunen hadde eigentleg tenkt å berre leige ut 22 studenthyblar, men aukar dette til 50 på grunn av pågangen, skriv dei i ei pressemelding.
– Fint at elevane slepp den private marknaden
– Det er fint at elevane slepp i å bu i hyblar som er utleigd av private aktørar, at det vert eit billigare tilbod og at dei får eit slags fellesskap saman med andre bortebuarar,
Det seier elevrådsleiar ved Bodø vidaregåande skule, Sophia Sundklakk (19).
Ho meiner tiltaket er bra for alle som kjem langveges frå. Fleire ho har snakka fortel at leigeprisane og bustandarden er veldig varierande på den private marknaden.
– For ein sekstenåring er kanskje den verste hybelen det du har råd til på privatmarknaden, fortel elevrådsleiar ved Bodø VGS.
Sophia Sundklakk (18) meiner tilbodet er bra for alle som kjem langveges frå.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKPlanen er å leige ut dei 50 bustadane i Rønvika og Mørkved til vidaregåandeelevane allereie til hausten.
Dei har eigne bad, og felles kjøkken, og vil koste mellom 5720 og 6130 kroner i månaden.
Det er nesten like mykje som elevane får i bortebuarstipend. I året er stipendet på kring 6871 kroner i månaden.
Hyblane har eige bad
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKEin av studenthyblane som skal bli bustad for vidaregåandeelevar
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKSkivebord til lekser
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKSophia Sundklakk ser på skapplassen på hybelen
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKSophia Sundklakk ser på badet
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
Men elevane må bu i same bygg som studentane.
Har eigne låsar
På spørsmål om fylkesråden og Studentinord er uroa for at unge elevar skal bu nær eldre studentar med eit anna forhold til festing og alkohol, svarer dei at elevane vil bu for seg sjølve.
Elevane skal også ha eigne inngangar og låser. Dei meiner dette er eit godt tryggingstiltak.
Som ein del av velferdstiltaka lover Fylkeskommunen å stille med miljøarbeidarar som vil arrangere husmøte og aktivitetar for elevane, forklarer Rånes.
– Det at vidaregåandeelevane har ein eigen inngang og ein eigen etasje gjere at desse elevbustadane verkar nokså trygge, sjølv om dei eldre studentane bur nært, seier elevrådsleiar Sundklakk.
Til hausten kan det bu elevar frå heile Nordland i ein slik hybel i Rønvika.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRKHo meiner det er viktig at elevar frå distrikta har eit sosialt miljø å kome til når dei flyttar til Bodø.
Ho trur at studenthyblane kan vere ein god stad å få nye vener, og synest det er positivt at vidaregåandeelevane får sitt eige område, seier elevrådsleiaren
– Vinn-vinn-situasjon
Opphavleg hadde fylkesrådet planar om å byggje studenthyblar i eigen regi. Men for fylkesråd Rånes har det vore viktig å løyse situasjonen raskt.
– No som me kjem raskt i gang gjennom dette samarbeidet med Studentinord vil me kunne tilby hyblar allereie til skulestart, seier ho.
Nordland er eit av fylka i landet med flest hybelbuarar, ifølgje Nordland fylkeskommune.
Trass i at det er 28 studiestadar i fylket, er det framleis mange ungdommar som vil bu på hybel når dei startar på vidaregåande skule.
Fleire får ikkje eit tilbod nært der dei bur. Andre grunnar, er at dei ynskjer å flytte for å ta ei utdanning dei sjølv ynskjer.
– Me vil teste dette ut i ein treårig periode for å sjå om dette er eit godt tilbod, seier Rånes.
Studentinord disponerer kring 1500 studentbustadar i Bodø.
Monica Jotun er leiar for bustadutleige i Studentinord, og ho meiner at dette er ein vinn-vinn-situasjon for elevar og studentar i Bodø.
Monica Jotun, leiar for bustadutleige i Studentinord seier dei har kapasitet til å ta imot vidaregåandeelevane til hausten.
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK– Det vil gi elevane ein god bustad i trygge omgjevnadar med eit fellesskap slik som det er her, og sikre velferda for studentane i Nord, seier Jotun.
Publisert 27.07.2025, kl. 18.01