Farer du ikkje tenkjer over

1 month ago 53



Årleg oppsøkjer 660.000 personar legevakter eller legekontor landet over for behandling for ulykker. 

Det utgjere 1800 personar om dagen. 

Majoriteten av desse ulykkene skjer i heimen. Men kva er det som gjere at vår eigen heim er ein av dei farlegaste stadane vi oppheld oss?

Noreg er i verdstoppen

– Over ein tredjedel, nesten to tredjedelar, av alle ulykker skjer i heimen eller nært eigen bustad, seier Eva Jakobson Vaagland.

Ho er dagleg leiar i Skadeforebyggende forum.

Ifølgje Jakobson Vaagland er det lite endring i statistikken for skader i heimen. Ho trekk fram dømet med ein arbeidsstad og reglane som gjeld der. 

Når vi går på jobb har vi ei HR-avdeling som har lagt eit grunnlag med reglar som skal sikre vår helse og at vi ikkje vert skadd på arbeid. Heime er alt dette opp til oss sjølve. 

– Er vi for slepphendte når vi er heime?

– Ja, det trur eg at vi er, seier Jakobson Vaagland.

Dei vanlegaste ulykkene som skjer, i alle aldersgrupper, er fallulykker.

– Små barn kan falle ned frå stellebordet, når dei vert litt eldre byrjar dei å klatre på møblar og fell ned der ifrå. Men også vi vaksne kan skli på baderomsgolvet eller ned trapper, seier ho. 

Noreg er på verdstoppen når det gjeld brotskadar i hofta. Rundt 9000 nordmenn får årleg denne forma for skade som følgje av fallulykker.

 Stian Lysberg Solum
OFTE FULLT OPP: Legevakta er vel kanskje siste staden ein ønskjer å vere ein fredag, berre fordi ein gløymde broddar når ein gjekk heimanfrå eller slurva med avokadoskjæringa. Foto: Stian Lysberg Solum

I Sverige har fleire kommunar byrja å dele ut gratis broddar til innbyggjarar over 65 år. Dette er gjort for å spare pengar på brotskadar og plassar som vert fylt i helsevesenet. 

Dette meiner Jakobson Vaagland er eit fornuftig tiltak for å gjere noko med andelen fallulykker.  

– Dette er smart politikk og det sparer dei mykje pengar på. Ein ser dette har sørga for ein stor nedgang i antalet fallulykker utandørs i Sverige. 

Frukta som kan sende deg til legen

Ein overraskande vanleg årsak til at folk må oppsøke legevakt er faktisk knytt til avokado. 

Eller kanskje rettare sagt: avokadosteinen. 

I ei undersøking, som Respons analyse gjorde på vegne av Skadeforebyggende forum i januar, kjem det fram at 15 prosent av alle nordmenn har blitt skadd grunna denne frukta. 

 Ingrid Wollberg / TV 2
LETTARE SAGT ENN GJORT: Det er visst ikkje berre enkelt å fjerne ein slik stein, i alle fall ikkje om ein brukar kniv. Foto: Ingrid Wollberg / TV 2

– Dette er typisk. Ei heilt kvardagsleg ulykke. Ein skal lage middag i hui og hast, skal gjerne få fjerna steinen frå avokadoen raskt og gale, og brukar gjerne ein kniv til å fjerne den mens ein held den i handa. Då går det gale, seier Jakobson Vaagland. 

Ho åtvarar at dersom ei slik skade skjer, so er det ganske alvorleg. 

I handa ligg det mykje nervar. Dersom desse vert skadd på ein slik måte, so kan det føre til alvorlege skader og lang rehabilitering.

Kokken Christer Røseth sitt tips for å fjerne avokadosteinen fekk Henrik Asheim til å måpe.  

Lærte noko nytt

– Det er litt rart at det er noko slikt som skaper flest skadar i ein heim, seier KrF-politikaren Olaug Bollestad på Nyhetskompaniet tysdag.

Diskusjonen om korleis ein skal fjerne avokadosteinen skapte mykje engasjement blant gjestane.

Bollestad testa Røseth sine tips og gjorde eit forsøk i å presse steinen ut med henda og det med hell.

– Oh my god! Er det so enkelt, utbryt Høgre-politikaren Henrik Asheim under seansen.

– Det var kjempesmart, men det er nok litt vanskeleg dersom den er veldig hard, seier Bollestad.

– Det skjer nokre gonger at dei er ordentleg harde og kniven sit fast, og då er det ikkje godt å få kakka ut avokadosteinen, seier den norske basehopparen Karina Hollekim.

– No har eg lært noko nytt i dag og, legg ho til.

Gode råd er ikkje so dyre

Jakobson Vaagland er klar i sin sak: folk må tenkje seg meir om når dei er heime. 

– Vi brukar å seie at alle er kloke. Nokre er kloke før, andre er kloke etterpå. Det løner seg å vere klok før. Til dømes når det gjeld avokado. Bruk ei skei, ikkje ein kniv, når du skal ta ut avokadosteinen. Skal du på ein stige, få nokon til å halde den fast mens du klipper ned greiner eller tek ned ei eske frå hylla. Bruker du ei kjøkkenmandolin, berre pass litt ekstra på. 

So kva med eksperten, har ho lært av andre sine feil?

– Eg har sjølv faktisk kjøpt ein slik avokadosteinfjerner. 

– Du brukar aldri kniv?

– Det vil eg faktisk ikkje love. Eg kan ikkje love at verken eg eller andre i mi hushaldning aldri brukar kniv for å fjerne steinen. Men eg prøvar å bli litt flinkare. 

– Kanskje er dette det beste rådet å gje? Berre prøv å bli litt flinkare. 

Read Entire Article