Mannen vart dømd for å løfte 150 kg kokain i land. No meiner han dommarfleirtalet ikkje er blitt høyrde.

I alt fem albanarar har fått strenge straffar for den spesielle smuglarsaka på Husnes i Sunnhordland for to år sidan.
Totalt er dei dømde til over 60 års fengsel. Fire av dei fekk den siste dommen i Gulating lagmannsrett no i mars.
– Felles for dei tiltalte er at dei hadde dedikerte roller i ein profesjonell og omfattande operasjon, meinte lagmannsretten.
No har fleire av dei anka dommen og vil at Høgsterett skal sjå på straffa dei har fått.

Avslørt
Albanarane vart tatt på fersken i det 150 kg kokain vart kasta i land i vestlandsbygda.
For første gong vart «parasittsmugling»-metoden avdekt i Noreg. Kokainet var festa til undersida av eit lasteskip som kom direkte frå Brasil.
Ein av albanarane dykka bort til skipet, ved hjelp av undervass-scooterar, og skar baggane med kokain laust frå skroget på lasteskipet.
– Meiner han ikkje visste
Ein anna mann, som var med å bere baggane i land og legge dei i bagasjerommet på ein bil, har no anka dommen.
«Mario» har tidlegare stilt til intervju med TV 2 i Bergen fengsel og fortalt sin versjon av det som skjedde.
Han hevdar han vart lurt til Noreg for å gjera handverkar-oppdrag og at han vart truga til å vera med på narkotika-operasjonen etter at han var komen til Noreg.

Det tok ett minutt og kostet «Mario» 13,5 år i fengsel
Gulating lagmannsrett dømde han til 13,5 års fengsel. Retten består av fem meddommarar og to lagdommarar.
No meiner «Mario» at meddommarane i saka ikkje er høyrd.
– Fem meddommarar kom fram til at han ikkje visste at det skulle hentast narkotika då han drog frå Italia til Noreg. Fleirtalet meiner han fekk vite at det omhandla narkotika først då han kom til Oslo, seier forsvarar Kai Inge Gavle.

Var ikkje «Pitbull»
Resten av hentelaget vart straffa slik:
Mann (47) – dykka etter kokainet: Dømd til 15 års fengsel
Kvinne (34) – sjåfør, innkjøp, tolk: Dømd til 13,5 års fengsel
Mann (26) – køyrde vekk med kokainet i bilen: Dømd til 14 års fengsel
«Mario» og forsvararen meiner altså at han skulle fått ein lågare straff i forhold til det dei andre er dømde til
Eitt sentralt tema har vore spørsmålet om kven som opererte under namnet «Pitbull» i krypterte chattar. Vedkommande står fram som ein hovudmann under hentinga av kokainet.
Påtalemakta meinte det var nettopp «Mario». Heller ikkje det er fem av dei sju dommarane i lagmannsretten med på.
– Og min klient har heller ikkje delteke i planlegginga. Men vi ser ikkje dette igjen i straffa som er utmåla frå lagmannsretten. Derfor ankar vi til Høgsterett, forklarer Gavle.

Her jaktar dei smuglarane
Fleire ankar
TV 2 har fått opplyst at også sjåføren av bilen som køyrde vekk med kokainet har anka saka.
Forsvararane til dykkaren og kvinna har ikkje svara TV 2 på spørsmål om anke.
I retten nekta alle straffskuld, bortsett frå 26-åringen som erkjente delvis straffskuld. Han har forklart at han trudde det var hasj han skulle vera med å hente.
Den femte albanaren tilstod og godtok dommen i tingretten. Han fekk strafferabatt for tilståinga. Ein sjette pågripen mann døydde i fengsel før saka gjekk for tingrett.