Dordi vil gi ungane kniv og fridom

3 weeks ago 24



Utan alle timane aleine i barndomen hadde ikkje Dordi Strøm blitt ein prisvinnande forfattar.

Då dottera mi gjekk i første klasse, fekk ho brev heim frå skulen fordi ho hadde klatra i eit tre, seier Dordi Strøm.

Ansiktsuttrykket hennar viser at dette er noko av det mest idiotiske ho har opplevd i heile sitt liv. Vi står i skogen ved Nøklevann, nokre steinkast unna bustaden hennar i kunstnarburettslaget Trolltun på Bøler i Oslo.

Det er så viktig å sleppe laus ungane i verda og la dei utsetje seg for farar som å klatre i tre og bruke kniv. Dottera mi gjekk på ski aleine gjennom skogen til barnehagen. Ho fekk tollekniv då ho var fire.

Men kutta ho seg ikkje?

Jo, sikkert. Det håpar eg.

Dordi vann nyleg Lytternes romanpris 2023 for boka «Odel». Den ferske og relativt ukjende forfattaren danka ut store namn som Tore Renberg og Hanne Ørstavik.

Vinner av Lytternes romanpris 2023 - Dordi Strøm

PRISVINNAR: Dordi Strøm fekk Lytternes romanpris 2023 under ein høgtidleg seremoni i forlaget Samlaget sine lokale i Oslo.

Foto: Kristin Molvær / NRK

Boka handlar om jentungen Liv som bur på ein gard saman med besteforeldra sine. Mora har forsvunne, og ingen veit kvar ho har blitt av.

Juryen, som er sett saman av fem «vanlege» lesarar frå ulike kantar av landet, skildra romanen som «magisk, brutal, følsam og flytande».

«Odel» er inspirert av ein barndom utanom det vanlege.

Aleine i naturen

Dordi vaks opp på 1970-talet på øya Hitra i Trøndelag. Dei første åra budde ho mykje på ein gard saman med besteforeldra sine.

Dei dreiv gard på gamlemåten. Det var mange dyr: kyr, hest og gris.

Kvar var mor og far?

Mor var berre 20 då ho fekk meg. Den første tida var ho i England på reise. Og pappa var på ... Ja, kva gjorde han? Vi budde i alle fall ikkje saman. Så besteforeldra mine var på ein måte foreldra mine i starten.

Dordi Strøm på 1970-talet på Hitra.

GARDSJENTE PÅ HITRA: Miljøet i Dordis roman «Odel» er inspirert av hennar eigen barndom på Hitra, men elles er historia heilt oppdikta.

Med to travle bønder som besteforeldre var Dordi mykje overlaten til seg sjølv. Ho lagde seg fullt av ulike gøymestader: i hòler i høyet, i fjøset, på stabburet, under låvebrua, oppå låvebrua, i ulike trekroner, under mormors brødfjøl.

Dordi besøkte folk som budde i hemmelege hòler i skogen. Ho såg dei rett nok aldri, fordi dei alltid gøymde seg med ein gong ho kom. På seine sommarkveldar vart ho send ut på markene for å jage vekk hjortane som åt graset.

Eg fekk ikkje lov til å kome inn. Eg måtte vere ute. «Kva gjer du her inne? Kom deg ut!»

Dordi hugsar besteforeldra som snille og omsorgsfulle. Ifølge forfattaren har ho ikkje tatt skade av alle timane utandørs. Snarare tvert imot.

Eg fekk rom til å utforske verda og slapp å tilpasse meg vaksne sine forventningar og krav, seier ho.

Dordi Strøm

NATURMENNESKE: Skogen har vore ein viktig arena for Dordi, både i livet og litteraturen.

Foto: Javier Auris / NRK

I både den første boka hennar «Flog» (2021) og «Odel» er barns blikk på verda eit sentralt tema.

NRKs litteraturkritikar Anne Cathrine Straume skildrar Dordis siste bok som «nifs, suggererande og gnistrande original».

Ifølge kritikaren skriv forfattaren «blodig og strengt realistisk om dyredrap og slakting, medan ho i neste augneblinken spinn draumar og eventyr i eit jentunge-sinn.»

Dei «gnistrande originale» bøkene er skapt med Dordis heilt særeigne skrivemetode.

Lauvhytta

Dordi Strøm var 50 år gammal då ho debutere som forfattar. Før det hadde ho eit langt arbeidsliv bak seg som scenograf.

Ein scenograf har ansvar for det visuelle på ei teaterscene, altså alt av rekvisittar, arkitektur og kostyme. Dordi har sett opp flust av ulike stykke over heile Noreg. Den siste store framsyninga var «ABDUL ≈ HKEEM» ved Det Norske Teatret i fjor.

Fra forestillingen «Abdul ≈ Hkeem» ved Det Norske Teatret.

SCENOGRAF: – Eg kan sjå din halo, syng artisten Beyoncé – og Hkeem tek ho på ordet. Lysringen signert scenograf Dordi Strøm er ein liten genistrek i framsyninga, skreiv NRKs kritikar då ho melde stykket.

Foto: Dag Jenssen / Det Norske Teatret

Vi har flytta oss inn i atelieret i heimen til Dordi. Tidlegare brukte ho hovudsakleg rommet til å lage skisser og modellar til teateret. No har ho tatt med seg dei same arbeidsmetodane inn i tekstdokumentet på Macen.

Som scenograf jobbar eg med å komponere rom, og det gjer eg også når eg skriv, forklarar Dordi.

Så korleis fungerer dette reint konkret – å komponere rom i ein tekst?

Dordi Strøms briller

I staden for å begynne med historia og personane, begynner Dordi alltid med å sjå for seg rommet og omgjevnadene. For å kome i den rette sinnstilstanden begynner ho skriveøkta med å tenkje seg tilbake til dei ulike gøymestadene ho hadde i barndomen.

Eg set meg ned med Macen, så må det vere stille rundt meg, så er eg plutseleg tilbake under brødfjøla til mormor. Det snør litt mjøl. Ved sidan av meg står ein boks med frimerke frå heile verda ...

Minna er ulike kvar gong, blanda med fantasi og minne om minne, og minne om minne om minne.

Dordi Strøm i atelieret på Bøler.

I ATELIERET: Dordi har bakgrunn som biletkunstnar og fekk difor kjøpe bustad i kunstnarburettslaget Trolltun i Oslo. Her er alle bustadene utstyrt med sitt eige atelier.

Foto: Javier Auris / NRK

Ho kallar dei ulike gøymestadene sine for «lauvhytter», inspirert av Jon Fosses Nobelpris-tale, der han siterte poeten Olav H. Hauges dikt «Lauvhyttor og snøhus» frå 1971:

«Eg kjem i hug lauvhyttone me bygde då me var små: krupja inn i dei, sitja og lyda etter regnet, vita seg einsam i villmarki, kjenne dropane på nasen og i håret.»

Ifølge Dordi kunne ho aldri ha skrive bøkene sine utan erfaringane frå «lauvhyttene» i barndomen. Ho uroar seg for barna som veks opp i dag.

Har dei lauvhytter?

Barn utan tre

I dag brukar eit gjennomsnittleg barn i USA cirka ein halvtime i veka på fri leik utandørs, utan innblanding frå vaksne. Til samanlikning brukar dei 7,5 timar i snitt dagleg framfor ulike digitale skjermar.

Over halvparten av britiske tenåringar har aldri klatra i eit tre.

I friluftslandet Noreg er situasjonen noko annleis, men trenden er likevel tydeleg. Tal frå Norsk institutt for naturforsking viser at andelen 6–12-åringar som leikar fritt ute minst ein gong i veka, har sokke frå 92 til 73 prosent dei siste ti åra.

Altså: Ein av fire norske barn leikar ikkje ute på eiga hand.

I skogen ved Nøklevann i Oslo.

Men kor viktig er eigentleg denne livlege fantasien? Samfunnet går vidare. Skjermar har kome for å bli, og den moderne kjernefamilien passar på barna meir enn før.

Er det verkeleg farleg at barn ikkje leikar noko særleg på eiga hand?

Svampar på verda

Førsteamanuensis i idrettsvitskap ved Universitetet i Agder, Merete Lund Fasting, forskar på barns leik. Ho meiner fantasien har fått dårlegare kår i dagens samfunn.

Ifølge forskaren er fri leik avgjerande for å utvikle livleg fantasi i barndomen.

Dordi Strøm samanliknar ungar med svampar, som syg til seg alle inntrykk som verda har å by på.

Barn er eventyrarar. Dei må få lov til å vere ute og sanse i naturen. Viss ikkje får vi ungar med angstproblem.

Dordi Strøm i heimen på Bøker i Oslo.

TIL KAMP FOR FANTASIEN: Dordi meiner det er viktig å lære seg fantasiens kunstar før det er for seint. – Når vi blir vaksne, får vi fleire krav, og hjernen er ikkje lenger like plastisk. Sansane blir late fordi vi venner oss til verda rundt oss.

Foto: Javier Auris / NRK

Forfattaren snakkar engasjert. Ho ønskjer å vere ei motstemme i eit samfunn som ofte ønskjer å beskytte og regulere ungane så mykje som mogleg:

Jo, kniv er faktisk ei ypparleg dåpsgåve. Ungar må få lov til å bruke verktøy, og sjølvsagt skal dei få klatre i tre. Og ja, det er livsfarleg å ikkje legge større vekt på praktiske og estetiske fag i skulen.

Det høyrest sikkert naivt og banalt ut, seier Dordi – men det er barnas fantasi og kreativitet som skal redde oss frå klimakrisa. Eg trur det er så enkelt, altså. Kvar skal redninga elles kome frå?

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! 

Publisert 07.04.2024, kl. 11.04

Read Entire Article