Nordås-stunt vekker oppsikt: – Han gjorde noko unikt

2 weeks ago 24



– Det hadde ikkje eg klart, for å seie det sånn. Det er ganske imponerande, seier friidrettsprofilen Sindre Buraas til NRK.

Han snakkar om Narve Gilje Nordås som tysdag sesongopna med siger på 1500 meter i Huelva i Spania. Berre åtte og eit halvt minutt seinare var han tilbake igjen på startstreken for å springe 5000 meter med treningskameraten Per Svela.

25-åringen frå Jæren gav seg rett nok etter 4000 meter, men passerte der på ei sterk tid – rundt 10.47.

Han sprang altså to konkurransar i løpet av snaue 25 minutt, noko som har fått fleire i friidrettsverda til å sperre opp auga.

– Narve gjorde akkurat noko unikt, skriv friidrettskontoen Trackstaa til sine over 100.000 følgarar på Instagram.

– Bronsemedaljevinnaren frå VM ser ut til å vere klar for enda ein imponerande sesong etter gjennombrotet førre sesong, skriv kontoen vidare.

Nordås Svela Huelva

KLEM: Narve Gilje Nordås (venstre) og Per Svela (høgre) var godt fornøgde etter 5000-meteren, der Svela akkurat kom seg under EM-kravet.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

– Ikkje normalt

Innlegget til Trackstaa er likt av fleire norske friidrettsprofilar, blant andre Svela og Karoline Bjerkeli Grøvdal. Nordås har sjølv også kommentert innlegget og påpeika at han gjorde det for å hjelpe Svela.

– Galskap, skriv italienske Francesco Puppi, tidlegare verdsmeister i fjelløp, under innlegget.

Sindre Buraas trur Nordås valde å springe 5000-meteren først og fremst for å støtte Svela, som med harehjelp frå Nordås klarte å ta EM-kravet på distansen.

– Det viser at han er ein lagspelar som «backar» Per. Elles hadde han aldri gjort det. Det er ikkje eit normalt treningsprinsipp å springe 4000 meter alt du kan etter ein 1500 meter, seier Buraas, som har deltatt i EM og VM på 5000 meter for Noreg tidlegare.

Han påpeikar rett nok at det hender at utøvarar som framleis er i ein treningsfase, tidleg i sesongen, utvidar ein 1500 meter med eit såkalla terskelløp.

– Det gjer dei for å halde oppe høgt volum og kapasitet. I staden for å utvide 1500-meteren med eit terskelløp rett etter på, stiller han opp for Per og gjer ein harejobb, rett og slett. Det er slik eg les det, seier han.

Sindre Buraas

RUTINERT LØPAR: Sindre Buraas har ein innhaldsrik friidrettskarriere. Her frå VM i 2015.

Foto: NTB

Buraas fortel at han har sett friidrettslegenda Mo Farrah gjere liknande tidlegare, som eit ledd i treninga.

Svela uttrykte sjølv stor beundring etter løpet tysdag.

– Han (Nordås) er ein av dei beste utøvarane i verda, og det viser han. Han er så ekstremt godt trent. Det er ikkje mange i sirkuset som er så godt trent. Du vinn ein 1500 på 3.34, joggar 200 meter og så begynner du på igjen, sa Svela, og fortsette:

– Det er klart det går langt seinare og slike ting, men det er likevel utruleg sterkt. Du er full av syre når du kjem i mål. 3.34, da har han meir å gå på òg.

– Kjente kvalmen skylde opp i halsen

Nordås var godt fornøgd med korleis kroppen responderte på den uvanlege dobbelen da han møtte pressa etter dei to løpa i Huelva.

I intervjusona var mykje av fokuset på situasjonen rundt Nordås-trenar Gjert Ingebrigtsen, som måndag blei tiltalt for mishandling i nære relasjonar.

Ingebrigtsen har gjennom advokatane sine John Christian Elden og Heidi Reisvang uttalt at trenaren ikkje erkjenner straffskuld og at han er ueinig i framstillinga av hendingane som tiltalen er basert på.

På 1500-meteren, som Nordås først ikkje hadde planlagt å springe, deltok også Filip Ingebrigtsen. Han er blant sønene som Gjert Ingebrigtsen trena fram til vinteren 2022.

I det som etter kvart blei ein fellesseanse med norsk presse, fekk Nordås også spørsmål om dei to løpa. Overfor VG konstaterte han at «det ikkje kosta stort».

På spørsmål frå Dagbladet nokre minutt seinare fortalde han likevel om ein kropp som ikkje kjentest på topp etter ein 1500 meter og deretter 200 meter jogg bort til starten på 5000-meteren.

– Da eg stod på startstreken på 5000 meter, så var det ei uggen kjensle. Ein får jo ein del mjølkesyre av å springe 1500 meter. Eg kjente kvalmen skylde opp i halsen, men så var det nesten slik at da eg fekk springe nokon rundar i 2.40-fart, så fekk eg vaska det ut og så blei det ... ikkje nedjogg eller terskeldrag heller, men hakket over, sa Nordås.

Neste konkurranse for Nordås blir Diamond League-stemnet i Doha 10. mai. Da er det «berre» 1500 meter som står på programmet for nordmannen.

Kvestet til blods av knotter, endte opp med ti sting 00:43

Publisert 02.05.2024, kl. 06.36

Read Entire Article